- Eg tenkte at eg iallfall skulle springe ut i rekordtempo, og så fekk eg sjå etter kvart. Det gjekk så fort og så lett at det berre var å stå på til målstreken, uttalte Henrik til Trønder-Avisa etter målgang. For Henrik betyr Bruløpet noko heilt spesielt sia det blir arrangert til minne om hans eigen far, Jan Sandstad, som òg var ein ivrig løpar og som døydde ung. På si eiga heimeside skriv Henrik om løpet: "Det er spesielt å komme hjem og løpe minneløpet etter pappa. Jeg har lyst til å gi noe ekstra i dette løpet, for meg selv og for alle som kommer og ser på." Reportasje i Trønder-Avisa Resultat |
Henrik Sandstad sette løyperekord i Bruløpet
Som vanleg tok Henrik Sandstad turen heimover for å vera med på Bruløpet. Og som vanleg var han først i mål. Tida derimot var uvanleg god. 32.25 var ei forbetring av løyperekord med 18 sekund. Den gamle tilhøyrde kenyanske Moses Kigen og vart sett for to år sia. God form og ein svak medvind gjorde ferda frå Inderøya til Mosvika lett for 30-åringen som bur i Oslo, men kjem frå Mosvika.
Siste medlemssaker
Annonse