10 år gamle Lilly Øren med kanonløp!
I 2018 skreiv me om 10 år gamle David Øren som sprang kjempefort Osnes Rundt i Etne, der han vart nr. 2. I 2019 sprang systera Lilly Øren 10 år, i motbakkeløpet Øktaren 575. Ho vart nr. 2 med ein knallsterk prestasjon. Berre 4 sekund bak unge, men rutinerte Ellinor Austrheim, som vann. Ellinor har sjølv løyperekorden frå i fjor. I år var ho nokre få sekund bak sin eigen rekord.
Løypa går frå Sandeid sentrum i Vindafjord kommune i Nord-Rogaland og opp til fjelltoppen Øktaren 575 m.o.h. 5.5 km med asfalt fyrste 1.1 km. Deretter traktorveg i svingar oppetter fjellet. Siste 4-500 m er det i bratt, smal fjell-løype,
Løpet er ei tilskiping i Kystkulturdagane, med veteranbåtar ved kai, og ulike kystrelaterte kulturinnslag.
Kjempeløp av Thomas Finshus - igjen!
Thomas Finshus er med over alt. Denne gongen sletta han Morten Gjendem sin rekord i Øktaren, sett i fjor. Thomas var med i fjor óg, men då hadde han definitivt ikkje sin beste dag. No tok han løyperekorden frå han som slo han i fjor. Og då veit me at dette var eit sterkt løp. Ein annan viktig faktor å ta med, er at når så sterke løparar som Thomas stiller opp på mindre løp, gjev hann tilskipinga og tilskiparane ein booozt og nivåheving på løpet.
Fyrste sundag i august skipar Etne IL - Lilly Øren sin klubb, til Osnes Rundt i delvis ny trasé. Kanskje fylgjer ho fjorårsbragden
til broren David, og vert blant dei beste der óg? Fyrste helg i september skipar Thomas til sitt eige løp, nemleg Slusesløpet i Skjoldastraumen i Rogaland. Kanskje vinn han det óg...?
Kvinner senior:
1. Ellinor Austrheim, Vindafjord IL 39.27
2. Line Fjelldalselv 41.29
3. Karine Klæbo 42.14
Jenter:
1. Lilly Øren, Etne IL 39.31
2. Kristine Hustveit Nybru 40.52
3. Oda Mehus 49.59
Menn:
1. Thomas Finshus, Stegaberg IL 29.24 Løyperekord
2. Bård Olav Medhus 29.31
3. Tobias Aarekol 31.55
Gutar:
1. Torbjørn Hjelmtveit 35.40
2. Tage Aarekol 38.56
3. Oliver Byggstøl Ørke 44.35
Alle resultat:

I fjor løp David Øren 10 år fort i Osnes Rundt - i år ble Lilly Øren 10 år nr. 2 i Øktaren 575
Øktaren 575 går til Øktaren 575 m over havet t/r Sandeid sentrum under Kystkulturdagane. Sandeid ligg i Vindafjord kommune, nord i Rogaland fylke, og grensar til Hordaland.
Siste medlemssaker
Annonse