Osterøy IL hadde vêrgudane på si side då dei framskunda Sport 1 Brakvatnet halvmaraton med to veker. Det har vore snø i løypa tidlegare år, men sol, vindstille og 12 grader gav perfekte forhold både for løparar og publikum.  På halvmaraton sikra Bjarte Vik og Kristin Löfgren populære heimesigrar, medan Per Harald Havnen Johansen og Vigdis Reigstad vann 10 km med klar margin.


Alle foto: Vidar Simmenes
Tekst  Bjarte Vik/Vidar Simmenes



”Feelgood-løpet framfor noko”, proklamerte arrangøren på førehand, og i år slo det ikkje feil.  Eit talrikt og høglydt publikum gjorde det til ein intens følelse å passera målområdet åtte gonger.
  

Tidleg_start_for_dei_tidlause_DSCN9912.jpgTidleg start for dei "tidlause"

Dei åtte rundane på grusstiar rundt vatnet byr på tøffe utfordringar noko vinnartidene reflekterer. Både Bjarte Vik 1.20.50 og Kristin Löfgren 1.32.34 er kapable til nokre minutt raskare i ei flat løype, men god stemning, eit livleg publikum og ei fantastisk idyllisk løype gjer at mange kjem igjen og igjen. I år var det totalt 257 deltakarar, ein liten nedgang frå i fjor. På stemninga verka det ikkje akkurat som nokon angra på at dei stilte opp, men mange potensielle løparar hadde nok prioriterte maratonkarusellen i Fana denne laurdagen.

- Neste år er det 10-årsjubileum, og då skal me prøva å unngå kollisjonar med andre lokale løp, opplyser arrangøren i Osterøy IL.      

På halvmaraton vart det fine duellar både i herreklassen og kvinneklassen. Rutinerte Elise Orten frå Fri opna hardast, men den svenske orienteringsløparen Kristin Löfgren la inn eit ekstra gir eit par rundar. Sjølv om Elise nærma seg på sisterunden, kunne Kristin jubla med 25 sek margin i mål. Jentene på plassane bak var ikkje lengre bak enn at dei fort kan truga dei to i tet neste år.

I herreklassen vart det etter kvart ein duell mellom ringreven Bjarte Vik og ungguten Espen Joensen frå IL Fri. Espen var mest offensiv undervegs, men fekk det muskulært på dei siste par rundane og kom inn 1.22.14, knappe halvanna minutt bak evigunge Vik. Mest imponerande tidsmessig var likevel Dag Haugland frå Varegg med tida 1.23.44. Helga før sprang 55-åringen inn på tida 16.53 på 5 km, også det på Osterøy.   

Nytt av året var 10 km løypa med knapt 4 rundar rundt Brakvatnet. Her vart tidene til dei  klare vinnarane Per Harald Havnen Johansen  37.32 og Vigdis Reigstad 42.59.

ALLE  RESULTAT

Start_barnelop_DSCN9960.jpgStart Barneløpet

God_Stemning_i_Maalomraadet_DSCN0051.jpgGod stemning i målområdet
 

Mange flere foto på Brakvatnets hjemmeside.