|
Deltakarrekord og mange persar i Bjarte Viks Eliteløp
Laurdag 21. oktober small det ved det gamle handelslaget på Vik, og den 8. utgåva av Bjarte Viks Eliteløp var godt i gang!
I år stilte heile 40 deltakarar til start, 13 fleire enn i fjor, då det også var deltakarrekord. Kvart år sidan det første løpet har ein del av dei same løparane funne vegen til startstreken på Vik for å springa 5046 meter til butikken på Bruvik, men i år var det også ein del nye fjes å sjå, og dei lèt vel over arrangementet. Løypa, som er på 5046 meter, er rask, og svingar seg innover langs fjorden på flate og idylliske asfaltvegar med relativt lite biltrafikk.
Fleire unge menn stilte opp med vinnarvilje i blikket og stål i beina, men i dag hadde Bjarte Vik (Osterøy IL) både den sterkaste viljen og evna, og vann på tida 14.55. På dei to neste plassane kom Lars N. Bakke frå Fri (15.09) og Hallvard Nilsen frå Gular (15.26). I år kom alle dei tre beste kvinnene under 19 minutt! Brit-Helen Simmenes vann kvinneklassen med tida 16.38, og ho tangerte persen sin frå 2001. Dei to neste damene vart Annette Bru (18.39) og Bente Midtun (18.59). Alle tre var frå Osterøy IL. I tillegg til desse gode tidene, var det mange av dei andre løparane som hadde betra seg mykje sidan året før, og mange personlege rekordar vart sette, i eit løp utan regn, men med ein til tider godt merkbar motvind. Men heller ikkje i år kunne nokon knusa løyperekordane til Kjetil Ramstad (14.24) og Stine Larsen (15.41).
Det vanka pengepremiar til nr. 1 og 2 i kvar klasse, og gåvepremie til nr. 3. Elles vart det trekt ut ein del andre gåvepremiar på startnummer. Fleire resultat: http://home.online.no/~vidsimm/mosjon/bjartvik2006.htm
Etter at sistemann hadde kome seg tørrskodd i mål, gjekk dei tradisjonelle barneløpa, der ulike årsklassar sprang i rundar kring handelslaget på Bruvik til entusiastiske heiarop frå eit publikum tilfredsstilt med kaffi og gode vafler. Ein freistande sjokolade lokka kvar einskild pode bak målseglet så dei kunne ta til seg att eventuell energi som måtte ha gått tapt i løpet.
Løpet starta nærmast som ein spøk i samband med feiringa av Bjarte Viks 30-årsdag i 1999, men er sidan blitt eit tradisjon som folk set pris på. Nokre av grunnane er nok den fine løpstraséen og den entusiasmen løparane vert møtt med når dei nærmar seg mål, og også det uformelle, men populære barneløpet etterpå.
Av Eli Simmenes, Osterøy IL

Siste medlemssaker
Annonse