Sjølve hovudrennet, det 90 km lange Vasaloppet går sundag 7. mars. Det og StafettVasan er for lengst fullteikna, men i dei andre renna er det framleis mogeleg å melde seg på. Eit godt - og lite stressande - alternativ til sjølve Vasaloppet er å gå Öppet Spår som er same trasé som hovudrennet, men med færre deltakarar og mindre køståing og køgåing. Öppet  Spår går no på sundag og måndag.

Det er mogleg å melde seg på til dei renna der det framleis er ledig plass, ved startnummerutdelinga i Sälen eller Mora innan klokka 18 dagen før det rennet ein vil vera med på.


Påmeldte per 25. feburar
KortVasan:             	7341
TjejVasan:              8379
UngdomsVasan:            677
Öppet Spår söndag:      8438
Öppet Spår, måndag:     4650
HalvVasan:              2765
SkejtVasan, 30 km:       166
SkejtVasan, 45 km:       213
StafettVasan: 	        1179 lag (5895 deltakarar)
Vasaloppet:            16372
Totalt:             54896 

Vasaloppets heimeside

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Omtrent slik brukar det å sjå ut når starten for Vasaloppet går i Sälen tidleg ein sundagsmorgon i mars. (Foto: Kjell Vigestad)