Friidrettsgruppa i Olden IL hadde invitert  løparar og syklistar på alle nivå inkl. og ikkje minst trimmarar til eit nytt lettløpt motbakkeløp samanlikna med Skåla 1848m rett opp www.skaala.no i nabobygda Loen som berre ligg 6 km unna. Løypelengda i Skarsteinsetra Opp er omlag 4, 7 km og høgdeskilnaden er 400m mellom start og mål. Sjå stort foto nedanfor med innteikna løype. Løypa starta  i Olden Sentrum. Dei fyrste 2,1 km går på asfalt og dei siste 2,6km er grusveg (gardsveg/skogsveg) .Frå start 600m tilnærma flatt. Deretter 900m moderat stigning. Så 1 km flatt/lett stigning. Siste 1,7 km moderat/bratt stigning.

På førehand var det knytta stor spenning til om det var ein syklist eller løpar som ville kome fyrst opp på Skarsteinsætra. 15 syklistar og 11 løparar stilte til fellesstart i konkurranseklassa. Då hadde nesten 100 trimmarar allereie kome seg til topps for å lage flott stemning i målområdet.

Det skulle vise seg at forspranget som syklistane Dag Arne Eide og Roger Rake fekk på dei fyrste 2,1 km på asfalten vart for stort til at maratonløparen Helge Hafsås klarte å ta dei igjen på den bratte skogsvegen opp til Skarsteinsetra. Eide og Rake kom i mål på 22.02 og 22.27, medan Hafsås vann løpsklassa på 23,29.

640_StemningsbildePremieutdeling_Foto_KariTonning

Foto Kari Tonning. Kva er flottare enn å kome i mål på SÆTRA til grilling og storslagen premieutdeling med utsyn mot Skåla 1848 ? Dette gav bokstaveleg tala meirsmak for store og små...og Olden IL får nok stor auke i deltakartalet til neste år.

640_Resultatliste
640_Trase

Løypetraseen innteikna med raudt frå Olden Sentrum til Skarsteinsetra

640_Helge_FotoErikBrendefur

Foto Erik Brendefur. Helge Hafsås, Olden IL har vunne fleire maratonløp enn nokon annan i verda. Han vann også løpsklassa i Skarsteinsetra opp.

640_3bestesykkel_FotoADrageset
Foto Andreas Drageset. Dei beste på sykkel. Frå høgre Anne Britt Eide, vinnar av dameklassa, Vidar Eide (nr 3), Totalvinnar Dag Arne Eide og Roger Rake (nr. 3).
640_109Sykkel_fotoErikBrendefur

Foto Erik Brendefur. Ikkje lett å sjå kven dette er. Her omlag 150m før mål er det bratt..

640_Sykkel_Strnr3_FotoErikBrendefur

Foto Erik Brendefur. Andre Opheim var bokstaveleg tala på "heimebane". Han driv ICA-butikken rett ved startstreken for løpet og representerte det velklingande klubbnamnet ÅJAAAU ! Han sykla i mål som nr. 6 av syklistane på tida 26,35 ! På banketten sto han for kveldens kulturelle høgdepunkt med sitt verbale tilbakeblikk på den flotte OPPTUREN til Skarsteinsetra.....

640_AnneBeritEide_FotoAndreas

Foto Andreas Drageset. Anne Berit Eide bør få med seg fleire syklistar til neste år...

640_SolbjorgVedde_FotoAD

Foto Andreas Drageset. Solbjørg Vedde. Nesbyen IL sprang på 31,36 og har no løyperekorden i dameklassa for løparar.

640_Maal_FotoEB

Foto Erik Brendefur. Mål med utsyn mot Skåla 1848m rett opp

640_Grilling_FotoAndreasDrageset

Foto Andreas Drageset. Til seters for å gjere seg sprek og mett ! Det smakte utruleg godt med ny steikt HMMMburger etter målpassering.

640_EmmaSunde_MaleneEide_FotoErikBrendefur

Foto Erik Brendefur. Emma Sunde og Malene Eide hadde ein flott opptur til Skarsteinsetra og gler seg allereie til neste år..

640_NesteaarKonkurransekl

Foto Andreas Drageset. Neste år blir det også konkurranseklassar for 12-åringane. I år måtte alle under 16 år delta i trimklassa

640_HelgeogChristian_FotoAndreasDrageset

Foto Andreas Drageset:. Helge Hafsås, Olden IL og Kondis.no's utsendte med Skåla 1848moh i bakgrunnen. Helge som er frå Olden spring helst flatt , men har hatt mange treningsturar opp til Skarssteinsetra med testløptider under 22 min.   No er han innehavar av den fyrste offisielle løyperekorden for løparar på 23,39. Neste år bør dette flotte løpet få så god deltaking at det blir nye rekordar både i løps-og sykkelklassa..