Vinnartida til Jo Harald var 17.06,2 som er årsbeste. I fjor var han nummer to på 16.52,8 vel sekundet etter vinnaren som var den yngre broren, Halfdan Emil. I år deltok ikkje Halfdan Emil som laurdag sprang 10 km NM-terrengløp. Der vart han  nummer ni etter eit sterkt løp (34.14), berre 46 sekund etter europameisteren på 1500m – Henrik Ingebrigtsen som vart nummer tre.

I løpet søndag heldt Jo Harald Færø og Kjetil Dyrvik saman til om lag halvveges. Med sju rundar att byrja Jo Harald å dra klart i frå og han plukka opp ein etter ein av konkurrentane og slo mange av dei med ein runde og meir.

Laurdag var Jo Harald nr. 64 av alle menn i Stoltzekleiven opp med tida 10.25. Yngest bror han, Magnus Johan, hadde 10.17 og 48. beste tida av alle i herreklassane.

Tredjeplassen i årets Eikangerløp var det veteranen Helge Færø (1960) som tok med tida 18.54,6.

Fjerdeplassen såg det lenge ut til at Bjørnar Eidsheim skulle sikra seg med klar margin. Men Anders Eidsnes hadde tydelegvis mykje krefter att, og henta inn nesten 20 meter berre på siste langsida. Dei fekk same tid og vart dømde likt i mål.

Forholda ved Eikangerløpet i år var bra med nokolunde opphaldsvêr, vindstille, ok temperatur og fast, men litt våt bane. Deltakinga var med 10 startande, fem færre enn i fjor.

Eikangerløpet vart i år skipa til for 33. gong på Ostereidet. Arvid Hauge har delteke i alle desse løpa. Bjørnar Eidsheim og Sigmund Nævdal deltok for 20. gong.

Vinterkarusellen til Eikanger IL startar med første løpet på Eikanger laurdag 13. oktober kl. 15.00.

 

Eikangerløpet 2012.

Ostereidet idrettsbane 30.9.2012

Arr.: Eikanger IL

Skya stort sett opphald, +10° C, vindstille

 5000m menn

1. Jo Harald Færø (83), Eikanger IL

17.06,2

2. Kjetil Dyrvik (64), Voss IL

17.39,1

3. Helge Færø (60), AKS 77

18.54,6

4. Bjørnar Eidsheim (68), Eikanger IL

20.27,7

4. Anders Eidsnes (73), Eikanger IL

20.27,7

6. Arvid Hauge (60), Eikanger IL

20.34,2

7. Gunnar Hauge (55), Eikanger IL

22.28,9

8. Raymond Hagen (74)

23.20,6

9. Sigmund Nævdal (58)

23.27,2

10. Torleif Brørvik (61)

25.00,2

 

 

Kjetil Dyrvik (nr. 3) og Jo Harald Færø (nr. 6) tok teten frå start. Frå benstre Raymond Hagen (nr.12), Torleif Brørvik (nr. 9) og Bjørnar Eidsheim (nr. 11).

 

Kjetil Dyrvik (nr. 3) og Jo Harald Færø (nr. 6) heldt følgje til om lag halvveges, då drog Jo Harald i frå.

 

Kamp om fjerdeplassen. 12 meter før mål ser Bjørnar Eidsheim ut til å springa inn til fjerdeplass. Men Anders Eidsnes kom stormande bakfrå og vart dømt likt i mål med Bjørnar.

 

Gunnar Hauge (t.v.) og Bjørnar Eidsheim fekk pokalar for 20 startar i Eikangerløpet.


Takk til Stanley Hauge for tekst og bilete.