Joel Dyrhovden ( ingressbildet ) vann i 2007 sitt fyrste NM gull i motbakkeløp for junior i Buff Fanaråken Opp. Det er 5 år sidan . I år er Joel 22 år og var påmeldt i Junior 22-klassa. Hadde han meldt seg på seniorklassa i staden for kunne han i dag også ha titulert seg som Norgesmeistar i seniorklassa for han var raskaste nordmann i mål på Kvasshovden. I staden for set han ein ny rekord med 3 NM-gull i juniorklassa i motbakkeløp med 5 år mellom fyrste og siste gullmedaljen.
Joel fekk sluttida 49,18 medan Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve på 2. pl. vann seniorklassa på 49,40. i den 7,5km lange løypa med 1030m stigning. Den som rett nok vann årets Kvasshovden Opp var den svenske orienteringsløparen Martin Johansson som i Noreg representerer Tyrving IL. Han vann på 48,28, dvs 50 sek raskare enn Joel.
Det vart mykje diskusjon og undring blant deltakarane over regelverket fordi samstundes kunne Kristen Skjeldal , Voss IL ta imot gullmedalje for siger i Veteran-NM i Motbakkeløp i klasse 40-44år og Sølvmedalje i Senior NM. Sjå Artikkel i BA s. 44 Søndag 17. juli. Eg skal ikkje ta nokon diskusjon om regelverket til Norges Friidrettsforbund for no skal me saman berre juble for eit praktfullt gjennomført NM i motbakkeløp der også værgudane var i godt humør med sol frå nesten skyfri himmel. Ulvik IL med eldsjela Johan Børsheim i spissen kan arok vann årets Kvasshovden Opp var den svenske orienteringsløparen Martin Johansson som i Noreg representerer Tyrving IL. Han vann på 48,28, dvs 50 sek raskare enn Joel.
Det vart mykje diskusjon og undring blant deltakarane over regelverket fordi samstundes kunne Kristen Skjeldal , Voss IL ta imot gullmedalje for siger i Veteran-NM i Motbakkeløp i klasse 40-44år og Sølvmedalje i Senior NM. Sjå Artikkel i BA s. 44 Søndag 17. juli. Eg skal ikkje ta nokon diskusjon om regelverket til Norges Friidrettsforbund for no skal me saman berre juble for eit praktfullt gjennomført NM i motbakkeløp der også værgudane var i godt humør med sol frå nesten skyfri himmel. Ulvik IL med eldsjela Johan Børsheim i spissen kan arrangere løp og ikkje minst å lage ei flott ramme rundt arrangementet.
Tekst og foto Christian Prestegård

I seniorklassa for kvinner vann Kirsten Marathon Melkevik , BFG Fana sitt fyrste NM-gull i motbakkeløp på tida 54,57 over minuttet framfor Heidi Weng, IL BUL 56,06. Dermed fekk ho også revansj etter at ho vart dømd bak Heidi i innspurten i Ulriken Opp. Heidi kunne også ha delteke i Junior 22-klassa, men valde å melde seg på i seniorklassa. Fjorårets NM-vinnar May Britt Buer , Gular vart nr. 3 på 56,26. Kirsten sette også ny løyperekord 1 min 42 sek bedre enn den gamle rekorden til May Britt Buer
Nedanfor er oversikten over medaljevinnarane i Junior og Senior. Den første delen av bildereportasjen har hovudfokus på Junior og Seniorklassa og den siste delen har fokus på VeteranNM.
For alle resultater og meir info sjå www.kvasshovdenopp.no . Vel 600 gjennomførte årets utgåve av Kvasshovden Opp noko som er ny deltakarrekord. Det var 360 i trimklassa og 246 som fullførte i konkurranseklassa.

Reine Tour de France-stemninga på Kvasshovden då Kirsten Marathon Melkevik , BFG Fana løp i mål til sitt fyrste NM-gull i motbakkeløp. Hundrevis av trimmarar laga ei flott stemning då dei 246 deltakarane i konkurranseklassane kom stormande i mål....Merk at det var 176 av konkurranseløparane som var medlem av ein klubb med medlemstilknytning til Norges Friidrettsforbund og som dermed kunne delta i NM.

Heidi Weng, IL i BUL, som kunne ha delteke i Junior22 meldte seg på i seniorklassa der ho vart nr 2.

Torbjørn T. Ludvigsen, BFG Fana ( 165) var i favorittskiktet i NM-Gull i motbakkeløp, men det var før han forrige helg deltok i VM i terrengultra over 70km og blei nr. 4 ! Med Torbjørn på laget blei Noreg nr. 3 i lagkonkurransen. NM i motbakkeløp kom altfor tett på og Torbjørn var langt frå restituert. Då er det ein sterk prestasjon å bli nr. 5 i seniorNM på tida 51,50. Eivind Knutsen, KIF, som her tauar på Torbjørn omlag 150m før mål kom i mål 6 sek. bak Torbjørn og vart nr. 4 i JuniorNM.

Robert Bergstå, Svarstad IL vart nr. 13 i JuniorNM med tida 57,07 medan broren Stian vart nr. 5 med tida 52,18. Løparen bak Robert kan illustrere kor vanskeleg det ofte er å vite kven ein har teke bilde av på slutten av motbakkeløpa. På Kvasshovden kom fleire enn normalt i denne posisjonen ...

Therese Sjursen, BFG Fana, Nr. 4. i SeniorNM med tida 1.00.39. Dessutan vart i Norgesmeistar i veteranklasse 35-39 år.

Merete Helgheim, Gloppen FIL, Nr. 5 i SeniorNM. Merete har frå før fleire medaljar frå NM i motbakkeløp.

Geir Storetveit Skaten, Gular, i teten av denne kvartetten, vart nr. 3 i Klasse 35-39 år og fekk med seg ein bronsemedalje frå VeteranNM. 20. august skal Geir og klubben hans arrangere det nye motbakkeløpet Fløyen Opp www.floyenopp.no i Bergen. Fløyen Opp-løypa som går på veg er 3,2km lang med stigning på 320m. Løpet er ikkje minst eit løp for løparar som likar å springe fort og med jamn fart frå start til mål. Eg er ein av dei og er allereie påmeldt.

Den svenske orienteringsløparen Martin Johansson , som i Noreg løper for IL Tyrving, vann ein overraskande siger i Kvasshovden Opp 50 sek framfor Joel Dyrhovden. Martin som ikkje kunne delta i NM fekk med seg 1. premien på kr. 5.000 i Kvasshovden Opp.

Det er svært bratt omlag 300m før mål. Startnr. 225 er Øivind Bernes, Osterøy ( kl. 50-54) og 194 er Johnny Laupsa Borge Eidfjord IL

Tom Eirik Eikanger , IL Gular (211) kunne juble for sigeren til sin gode venninne Kirsten Marathon Melkevik.

Bildet av Anna Magrethe Tråve, Lærdal IL får æra av å introdusere lista over GULL-medalhevinnarane i veteranNM i motbakkeløp. Anna vann ein suveren siger i si klasse 55-59 år på tida 1.05.31 og vart med det også nr. 8 totalt i SeniorNM. Anna er påmeldt til VM i opp og ned fjelløp for vetereraner i Italia i september , og der er ho er ein sterk medaljekandidat.

Tidligere hadde vi planlagt en separat artikkel fra VeteranNM, men siden mange av de beste veteranene allerede er presentert i bildereportasjen overfor avslutter vi med en lett blanding bilder av deltakere i veteranklassene.