Nissen var på plass, det same var mange andre trimmarar, då det fjerde vinterkaruselløp vart unnagjort på Strandebarm Idrettspark tysdag 13. desember. Ein god gjeng trimmarar la av garde på den fire kilometerlange løypa. Veret var dårleg med regn og temperaturar rundt null. Men det såg ikkje ut til å skreme nokon av dei frammøtte trimmararne.

Det vart ein skikkeleg mosjonskveld i slikt ver som det ofte er på desse tider. Humøret var bra, og latteren sat laust. Veret inspirerte neppe nokon til dei store tidene, men mange gjorde flotte løp allikevel. Bl.a. vetle Valdemar Børresen som er eit langdistansetalent. Også broren Embrik gjorde det godt i det sure veret. Vebjørn Kveberg Opsanger er allereie ein erfaren vinterkarusselløpar. Han hevda seg blant dei fremste denne kvelden. Unge Eline Sandnes Fosse var raskast blant jentene føre Vebjørns mor Torild. Veteranane John Svahn og Ingvard Nordtveit hevdar seg også svært godt i karusellen. Aller fyrst over streken var Ove Måge på 15,07, føre syskenbarnet sitt John Olav Måge på 15,22.

Etter løpet kunne mosjonistane kosa seg med pepperkaker, gløgg og saft. Den frammøtte nissen (som ingen visste kven var, for dette var faktisk sjølvaste Nissen) delte villig vekk mandariner og herleg twist. Deltakarane samla seg til slutt for trekking av gåvepremiar. Den eine av dei to energiposane vart vunne av Embrik Børresen (for andre løp på rad). Vinnarlappen vart trekt av ein intetanande bror Valdemar. Arthur Lillefosse, som er ein aktiv person i klubben i Strandebarm både som deltakat og funksjonær, vann t-skjorta med karusellmotiv.

Og so var det sjølvaste hovudpremien i kveld. Det er det populære gåvekortet til bruk på den særs godt utstyrte sportsbutikken i Grova; Mo Sport. Den gjekk svært fortjent til Einar Opsanger. Han har utallige løp bak seg i karusellen, og er ein aktiv person i idrettsmiljøet i Kvam.

Neste løp vert tysdag 3. januar kl 19. Etter trekkinga fòr deltakarane kvar til sitt. Mange av oss vil nok sjåast før jul. Til alle andre vil Vinterkarusellen helsa god jul. Håpar på ei god og fredfull jul, med fine høve til å mosjonere litt innimellom. Får me litt skiføre òg, vert det heilt perfekt.

Rapport ved: Johannes Skogseide Børsheim, Strandebarm IL


Strandebarm Vinterkarusell
4. løp, 13. desember 2011
Arr.: Strandebarm IL

Resultater:


Per Eivind Austefjord 24,15
Amoline Berge 25,01
Tage Berge 19,47
May Britt Birkenes 32,54
Ragnhild Brattli 32,54
Per Brekke 24,15
Terje Brurok 16,25
Embrik Børresen 24,24
Valdemar Børresen 18,28
Elisabet Børressen 20,43
Samuel Børsheim 20,58
Eline Sandnes Fosse 17,13
Knut Øystein Fosse 15,26
Lars Gjerde 19,35
Torill Gjerde 30,59
Kjell Hoff 25,00
Torgrim Kolltveit 17,23
Torild Kveberg 17,27
Turid Lid 21,53
Arthur Lillefosse 25,10
Marit Linga 26,38
Karen Matthiessen 26,38
Grete Milje 25,08
Kåre Milje 21,59
Amalie Svåsand Måge 31,52
John Olav Måge 15,22
Lars Måge 31,52
Ove Måge 15,07
Solveig Måge 40,00
Sondre Svåsand Måge 31,30
Ingvard Nordtveit 19,53
Annhild Oma 25,13
Even Mundheim Oma 25,13
Lars Mundheim Oma 18,46
Einar Opsanger 17,32
Vebjørn Kveberg Opsanger 17,08
Oddvar Skogasel 19,07
Celina Skogvoll 22,11
Jessica Skogvoll 24,24
Monica Skogvoll 22,17
Bodil Stranden 25,28
John Svahn 18,29
Silje Svåsand 31,52
Arvid Tangerås 18,56
Tove Kambo Tangerås 23,59
Lars Tveitnes 16,55
Beate Viken 34,00