De yngste best i Solfjelløpet
Karoline Simpson-Larsen frå Vargar sette ein solid løyperekord i Solfjelløpet søndag. Den nye rekorden lyder på 47.28. Nærmast følgde mor til Karoline, Kjersti Simpson-Larsen . I herreklassen var det også ein ung skiløpar, Hans- Inge Klette, frå Viljar som tok sigeren. Tida hans vart 41.16. Dette er litt bak løyperekorden til Erlend Drivenes frå i fjor. Men med tanke på at løypa var noko våt etter alt regnet i det siste, var dette også ei veldig sterk tid. Håvard Austevoll, Spirit Stavanger og Henrik Bauge, Rosendal TL, følgde på dei neste plassane.

Det er sjuende året Solfjelløpet går av stabelen. Løpet har start nede i Uskedalen, ei lita bygd i Sunnhordland, og mål er på toppen av Solfjell 890 m.o.h.

Mini-Solfjell startar frå Storhaug, om lag midtvegs i løypa. Her starta i år 6 spreke born og unge. Alle kom i mål på imponerande tider.

Også i år var det mykje skryt frå løparane over løypetraséen. Løypa inneheld både skogsveg, lange slakke flater og meir bratt fjellterreng.

Det var 27 som løp i konkurranseklassen og 63 i trimklassen, totalt 90 deltakarar.

Resultatene finn du her

Solfjelloepet_Haavard_Austevold_Hans-Inge_Klette.jpg
I tet: Håvard Austevold, tidligare norgesmeister på halvmaraton for junior, tar leiinga frå start medan det endå er veg å løpe på og ikkje så bratt. Oppe i fjellet kjem klatreeigenskapane til langrennsløpar Hans-Inge Klette til sin rett.  

Solfjelloepet_Karoline Simpsom-Larsen_ingress.jpg
Løyperekord: Karoline Simpson-Larsen fra Voss løp fortare til topps på Solfjellet enn nokon dame hadde gjort i dei seks første utgåvene av Solfjelløpet. 

Solfjelloepet_ingress.jpg
Flott i fjellet: Nok ein unggut, Henrik Bauge, løp godt. Han vart nr. 3 totalt og nr. 2 i klasse 15-18 år.

Solfjelloepet_Simpson-Larsen_mor-datter_Hans-Inge_Klette__.jpg
Vossalangrenn: To unge lovande langrennsløparar på 17 år vann Solfjelløpet i år. Karoline Simpson-Larsen fra IL Vargar (tv) tok i vinter gull i ein nordisk juniorlandskamp i Sverige mens Hans-Inge Klette, Viljar, fekk beste plasseringa då han vart nr. 12 i junior-NM i 10 km fristil i Hommelvik. I midten står mora til Karoline, som vart andre dame til topps av Solfjellet søndag.