Det åttande og siste løpet i Vinterkarusellen i Strandebarm denne sesongen, vart arrangert tysdag 6. mars. Dette markerte slutten på ein ny vellukka karusellsesong, med mykje god trim og mosjon. Veret var svært fint, med behageleg temperatur og turre, fine vegar.

Det var god deltaking, og løparane fekk mykje god trim også denne karusellkvelden. Ein og annan ny personleg rekord vart det også. Eline Sandnes Fosse var fyrste jente over målstreken. Ho persa med over eit halvt minutt. Jessica Skogvoll sette òg ny pers, med nesten to minutt. Kjersti K Vågen frå Vikøy var igjen på startstreken. Ho gjorde unna sitt femte løp for sesongen med ein ny god tid.

Det var også kjekt at skiløparen Erlend Drivenes var stilte til start. Han gav Bjørnar Sandnes Lillefosse kamp nesten til målstreken. Bjørnar kom fyrst, og sette ny pers denne sesongen med tida 12,43. Differansen mellom dei vart fem sekund.

Hatlestrandgjengen Inger Marie Hanstveit, Turid Samland og Helge Lysen var på plass. Dei deltok som vanleg med godt humør og fine prestasjonar. Solveig Måge og Arthur Lillefosse har delteke på alle åtte løpa denne sesongen.

Etter løpet var det avslutningssermoni i kantina på skulen. Her var det sal av mat og drikke. Etter kvart var det trekking av dagens gåvepremiar. So var det utdeling av vinterkarusellmedaljane. Etterpå var det trekking på startnummer av gåvepremiane til dei som har gjennomført karusellen, dvs. vore med på minst fem løp. Det var gåvepremiar frå Mo Sport, Sparebanken Vest, Joker O. Tufta Omastrand og Meca bilrekvisitaleverandør. Hovudpremien på Vinterkarusellen er eit gåvekort på 1500,- kroner, til bruk på Mo Sport i Norheimsund. Dette vart vunne av Eline Sandnes Fosse.

Sjølv om årets Vinterkarusell no er avslutta, har Strandebarm Idrettslag mange gode tilbod. Aktivitetane i idrettshallen og symjehallen går for fult. I tillegg er det framleis gode tilhøve for skigåing i oppjkøyrde løyper i bygda. Etter kvart når det vårast meir, kjem friidrett og fotballen i gang på idrettsparken. Turoeientering, trimbøker og fjelltrim er også andre tilbod som startar opp når våren er her for alvor.

Vinterkarusellen startar oppatt til hausten. Fyrste løp vert tysdag 16. oktober klokka 19 på Strandebarm Idrettspark.

Bildet: Kjell Martin Fugleberg, Magne Fosse, Kjell Egil Berge og Adrian Kåreid er klare for start i sesongens siste vinterkaruselløp.

Rapport ved: Johannes Skogseide Børsheim, Strandebarm IL

Strandebarm Vinterkarusell
8. løp, 6. mars 2012
Arr.: Strandebarm IL

Resultater:

Per Eivind Austefjord 23,43
Torunn Baldersheim 33,08
Kjell Egil Berge 31,40
Nils Ove Berge 15,21
Tage Berge 19,45
May Britt Birkenes 34,29
Valdemar Børresen 19,14
Anne Christin Børsheim 23,15
Samuel Børsheim 19,40
Erlend Drivenes 12,48
Anita Eide 37,39
Liv Berit Bru Eide 22,25
Eline Sandnes Fosse 16,37
Knut Øystein Fosse 15,29
Magne Fosse 24,48
Kjell Martin Fugleberg 19,16
Lars Gjerde 19,33
Reidun Samland Gravdal 24,07
Inger Marie Hanstveit 18,45
Marie Hauge 19,06
Kjell Hoff 25,15
Vigdis Håland 25,11
Torgrim Kolltveit 16,15
Torild Kveberg 17,32
Adrian Kåreid 31,53
Øystein Lammedal 23,34
Turid Lid 22,25
Arthur Lillefosse 22,53
Bente Sandnes Lillefosse 37,39
Bjørnar Sandnes Lillefosse 12,43
Marit Linga 25,56
Helge Lysen 18,45
Karen Matthiessen 25,56
Amalie Svåsand Måge 37,39
John Olav Måge 14,48
Ove Måge 14,36
Solveig Måge 39,29
Sondre Svåsand Måge 25,39
Liv Nærnes 25,04
Lars Mundheim Oma 20,37
Einar Opsanger 17,14
Vebjørn Kveberg Opsanger 16,29
Oddvar Skogasel 20,35
Celina Skogvoll 23,34
Jessica Skogvoll 19,56
Bodil Stranden 25,19
John Svahn 17,59
Silje Svåsand 33,07
Arvid Tangerås 18,15
Irene Tangerås 19,41
Lars Tveitnes 16,11
Kjersti K Vågen 18,32
Adam Øygard 19,57