Kjersti Fresvik stod for det sportslege høgdepunktet
Kjersti Fresvik frå Røldal som spring for IL Gular, hadde antyda for tilskiparane i Fjæra og Rullestad IL at ho ikkje var i sin beste form, så det tok ei tid før løyperekordhaldar for herrar, Erik Rullestad fekk overtydd arrangørstaben om at Kjersti faktisk hadde sletta løyperekorden, som ho sjølv hadde. Kjersti sjølv var overraska at det gjekk så fort.
Erik har trent monaleg mindre enn før. Han var også overraska over at det gjekk så fort på det fyrste flate partiet i starten. I fyrste skikkelege motbakke "smalt det", som han sa; og han måtte konsentrera seg om å koma heilskinna til mål - ikkje så langt føre storebror Sondre, som har trent meir enn på fleire år. Yngste blad Rullestad, Tøres, gjorde også eit godt løp og kom like bak evigunge Kjetil Dyrvik frå Voss.
Flott atmosfære, men med plass til mange, mange fleire
Totalt deltok 68 deltakarar. Lite og sein PR i år gjer at potensialet til neste år er stort. Fin atmosfære, flott, men krevande løype, trekkjepremiar og god kafé i målområdet gjer at her er mogelegheiter i fleng.
"Vatnet rundt" neste lørdag
Nytt av året er løpet rundt Litledalsvatnet i Etne som har eit samarbeid med Rullestadvatnet Rundt. Løpet er no målt til 7543 meter av Kondis. Det blir offisiell tidtaking også etter 5 km. Du kan melde deg på her.
Resultater damer:
1 | Kjersti Fresvik | Gular | 24.18 |
2 | Tori Angell | Odda I.L | 24.51 |
3 | Katrine Sør-Reime | Røldal I.L | 27.29 |
4 | Sigrun Nygård | 32.01 | |
5 | Camilla Aasen Mæland | Søre Ål I.L | 33.12 |
6 | Maren Markhus | Arna/Bjørnar | 35.12 |
7 | Annbjørg Opedal Hamre | Røldal I.L | 36.49 |
8 | Sølvi Markhus | Arna/Bjørnar | 39.06 |
Pallen for menn: nr. 1 Erik Rullestad. nr. 2 Kjetil Dyrvik og nr. 3 Sondre Rullestad
Resultater menn:
1 | Erik Rullestad | Haugesund I.L | 22.41 |
2 | Kjetil Dyrvik | Vossar | 23.06 |
3 | Sondre Rullestad | Fjæra og Rullestad I.L | 23.26 |
4 | Tøres Rullestad | Fjæra og Rullestad I.L | 23.51 |
5 | Bjørn Kjetil Søvik | Bremnes Seashore | 25.39 |
6 | Bernt Jarle Storhaug | Fjæra og Rullestad I.L | 26.18 |
7 | Kjetil Sævareid | 27.28 | |
8 | Dan Jan Vika | Skånevik I.L | 28.46 |
9 | Johannes Silde, | Etne I.L | 29.16 |
10 | Kjetil Nygård Seljelid | 31.00 | |
11 | Harald Måge | I.F Klypetussen | 34.45 |
12 | Kim A. Runnane | Korlevoll I.L | 35.06 |
13 | Lars Øyre, | Fjæra og Rullestad I.L | 42.14 |
14 | Gisle Sellevold | I.F Klypetussen | 1.13.00 |
Resultater born:
1 | Johan Runnane | Korlevoll I.L | 24.07 |
2 | Sigurd Aga Hagen | Korlevoll I.L | 27.37 |
3 | Kristian Silde | Etne I.L | 27.38 |
4 | Eirik Silde | Etne I.L | 35.24 |
5 | Emil Hamre | Røldal I.L | 35.25 |
6 | Vårinn Hagen | Korlevoll I.L | 42.17 |
7 | Oda Medhus | Røldal I.L | 43.42 |
Deltakarar i mosjonsklassa
Karin Markhus | Sigve Nygård Fagervold |
Tormund Markhus | Tore Fagervold |
Solfrid Markhus | John Magne Fjæra |
Tor Leknes | Monica Berge Fjæra |
Signe Ellen Fjæra | Knut Harald Fjæra |
Torleif Fjelland | Gro Siri Fjæra |
Torunn Fjelland | Kjell Fagerheim |
Karis Markhus | Gerd Fagerheim |
Edit Løyning | Anne Grethe Rullestad |
Torvald Gundersen | Anna Nordtveit |
Mari Gundersen | Ørjan Angell |
Thomas Gundersen | Laila Kvåle |
Siri Helene Selle | Berit Ekkje |
Mathias Selle | Mariann Skaulid |
Filipe Selle | Nils Magne Hagen |
Jørgen Lundal | Linn Silde |
Marta Sveen | Elisabeth Silde |
Kjersti Markhus | Solfrid Vika |
Tor Audun Rullestad | Bjørn Gunnar Vika |
Sverre Johannes Rullestad |
Trange skar, trappar opp og ned, gjer lypa spennande, men krevande Foto: Sellevold/Kondis
Pikene på broen Foto: Sellevold/Kondis
For dei som ikkje spring, er det litt før halvvegs i løypa ei postkasse med nuteringsbok. Dette er ein del av "Alle 30" nutane" i Etne kommune, eit særs populært opplegg kor ein noterar toppane ein har gått opp på. Foto: Sellevold/Kondis
Trapper og bruer er det mange av. Desse gjer løpet spesielt og løparane må forsera dei. Samstundes fortel dei om det enorme arbeidet dei vesle grendene Fjæra og Rullestad har lagt ned for å få til ei løype rundt Rullestadvatnet. Foto: Sellevold/Kondis