Anita Voster Vannes Skånevik IL, og Sigurd Fresvik var fyrste kvinne og mann i det 30. Klypeløpet. Løypa går stort sett i terreng og skogsveg og er 1.3 km motbakke og same veg nedatt. I år var løypa særs blaut med påfølgande tunge tak. Sigurd Fresvik gjorde come back for IF Klypetussen med eit kanonløp! Eit kjempetalent sjølv om han er komen i veteranklassane for lenge sidan.
I alt var det 26 deltakarar, men berre 5 av dei stilte i løpsklassen. I 2010 var det stor deltaking, så arrangørane vil få litt å grubla på kva dei gjorde betre i fjor.
Fin atmosfære, sol, varmt og vindstille. Grilling, diplom til alle, mange og fine trekkepremiar gjorde at dette vart triveleg, sjølv om arrangementet kan trekka fleire - mange fleire.
Resultat løp:
Jenter:
1. Anita Voster Vannes Skånevik IL 21.42
Gutar:
1. Sigurd Fresvik IF Klypetussen 13.27
2. Olav Samland IF Klypetussen 14.59
3. Harald Måge IF Klypetussen 15.05
4. Kristoffer Vannes Skånevik IL 16.31
IF Klypetussen heimeside
Anita Voster Vannes, Skånevik IL og Sigurd Fresvik IF Klypetussen vann det 30. Klypeløpet
Kristoffer Vannes, Sigurd Fresvik, Harald Måge og Anita Voster Vannes klar til start.
Harald Måge, Kristoffer og Anita Vannes i fint driv.
Kenneth og Bjørg lurer på om dei blir like god som Sigurd Fresvik.

Klypeløpet for 30. gong
Anita Voster Vannes og Sigurd Fresvik vann
Strålande solskin, varmt og god atmosfære
Siste medlemssaker
Annonse