Fra Johannes Børsheim i Strandebarm har vi mottatt denne rapporten.
 
Tidene som folk presterte varsla også om at forholda var perfekte. I den fine oktoberkvelden trimma og mosjonerte folk i alle aldrar, kvinner og menn, jenter og gutar. Bjørnar Sandnes Lillefosse (ingressbiletet) sette ny løyperekord i den ca. 4 km lange løypa med tida 11,57.
 
Av kvinnene var det Hilde Brekke Kolltveit som var raskaste føre Irene Tangerås, Eline Sandnes Fosse og Brynhild Kolltveit. Blant gutta var Ove Måge, Vebjørn Kveberg Opsanger og John Olav Måge dei fyrste som kom i mål etter Bjørnar. Deltakarane  på dette karuselløpet kom frå Kvam og Fusa. Frå Kvam var det i tillegg til stranbermingane, deltakarar frå Tørvikbygd, Norheimsund og Øystese.

Det var perfekte forhold med mildt ver og turre, fine vegar. Trafikken har auka mykje etter Tokagjel-stenginga, men det gjekk for det meste greitt. Det er svært viktig at alle nyttar refleksvest på vinterkarusellen, og folk er for det aller meste flinke å bruke vest.

Etter løpet var det trekking av gåvepremiar. Vinterkarusellen er eit mosjonsløp, og alle har same sjanse for å vinne premiane. Den tøffe vinterkarusell-tskjorta vart vunnen av Kjell Egil Berge. Posane med enregidrikk, energibar m.m. var det Maria Øygard og Arne Elias Trå som vann. Tor Henrik Fosse vart den heldige vinnar av hovudpremien på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund. Han er ein trugen deltakar på vinterkarusellen og er elles trufast på idrettslagets stemner enten det er som dommar, tidtakar eller startar.

Neste løp i vinterkarusellen vert arrangert tysdag 5. november klokka 19. Alle er vel møtt!
 

Per Eivind Austefjord 24,25
Renate Bakkely 26,47
Torunn Baldersheim 29,40
Kjell Egil Berge 36,23
Sunniva Berge 28,50
Victoria Berge 22,50
Jonas Bjørke 51,08
Elisabet Børresen 20,01
Embrik Børresen 17,36
Anne Christin Børsheim 23,56
Samuel Børsheim 17,38
Liv Berit Bru Eide 21,34
Christian Ekerhovd 21,03
Eifrid Konstance Ekerhovd 26,42
Preben Ekerhovd 23,31
Ann-Marie Engevik 28,38
Emma Viken Espeland 29,38
Eline Sandnes Fosse 19,27
Magne Fosse 21,39
Sigbjørn Fosse 21,18
Tor Henrik Fosse 22,13
Åse Sandnes Fosse 28,38
Tanita Fredheim 51,08
Lars Gammersvik 29,45
Lars Gjerde 19,46
Rita Gjerde 20,03
Trine Handal 26,59
Solveig Hauge 28,38
Olav Ludvig Håbrekke 22,39
Brynhild Kolltveit 19,43
Hilde Brekke Kolltveit 18,01
Unni Kvitastein 30,00
Kjetil Lammedal 16,15
Mette Lammedal 24,43
Olav Laupsa 27,29
Veronica Liavåg 51,08
Turid Lid 22,08
Arthur Lillefosse 24,36
Bjørnar Sandnes Lillefosse 11,57
Marit Linga 28,15
Maria Sundfjord Markus 30,00
Karen Matthiessen 28,15
Gunnar Mundheim 21,27
Ann-Kristin Mykkeltvedt 36,23
Amalie Svåsand Måge 39,42
John Olav Måge 14,32
Ove Måge 14,09
Solveig Måge 40,12
Sondre Svåsand Måge 21,15
Ragnhild Nernes 31,50
Tore Neteland 24,48
Anna Maria Niemyjska 27,29
Even Mundheim Oma 21,27
Einar Opsanger 16,48
Vebjørn Kveberg Opsanger 14,24
Elisabeth Skogasel 21,38
Bodil Stranden 26,05
John Svahn 17,38
Silje Svåsand 39,42
Irene Tangerås 19,02
Tove Kambo Tangerås 21,42
Arne Elias Trå 36,09
Maren Rogdaberg Trå 36,09
Briit Norunn Tveit 31,50
Anne Christine Viken 29,38
Beate Viken 32,55
Hanna Øygard 24,47
Line Øygard 33,21
Maria Øygard 21,56
Siv Øygard 27,29

strandebarm13-2_Olav Ludvig Håbrekke.jpg
Olav Ludvig Håbrekke sprang eit godt løp, og tek seg litt saft etter målgang. Legg merke til dei store refleksbanda på vesten hans, som er gode å ha medan ein er ute på vegen

strandebarm13-1_Samuel Børsheim og Embrik Børresen.jpgSamuel Børsheim og Embrik Børresen (f.v.) kom inn nesten samstundes, der Embrik var nokre sekund føre i mål. Dei stiller nærast alltid til start på vinterkarusellen. (Arkivbilete).