Motbakkeløpet Kvasshovden opp vert arrangert for 17. gong i år. I år er løpet eitt av tre motbakkeløp i Norgescupen for motbakkeløp og fjellløp. Desse løpa er Storehaugen i Lærdal 29. mai, Kvasshovden opp i Ulvik 12. juli og Mefjellet opp i Valldal 19. juli, (NM). I tillegg er det fjelløp i Meråker 2. august, Oppdal 30. august og Torvikbukt 13. september.

Kvasshovden opp har hatt status som Norgescup 7 gonger sidan 2008 og me har hatt NM 3 gonger (2011, 2017 og 2024) Det tyder på at Kvasshovden opp held høg kvalitet på løypa og har god arrangørkompetanse. Me vonar på rundt 100 i konkurranseklassane og 150-200 i mosjonsklassen.
 

Erlend Drivenes med øynene rettet mot toppen i 2022. (Foto: Arne Dag Myking)


I år går starten for alle konkurranseklassane kl 11.00 laurdag 12.juli ved kyrkja i Ulvik.

Dei 4 beste herrane frå den første Norgescupen i Lærdal er alle påmeldt til Kvasshovden opp. Fleire av dei er lokale og tidlegare skiløparar. Daniel Dukstad, Voss vart nr 2 og Joel Dyrhovden, Samnanger nr 3. Kvasshovden opp er og siste motbakkeløpet før NM i Valldal 19 juli.

I Lærdal vann Karoline Kyte Holsen (Førde) kvinneklassen. Ho har løyperekorden for kvinner i Kvasshovden opp.

Det er påbode med sekk i Kvasshovden opp, men det er ikkje vektkrav til sekken i konkurranseklassen. Einaste krav at den skal innehalda kle etter sjølvbergingsprinsippet.

Kvasshovden opp er eit folkehelsetiltak og me ynskjer å få fleire trimmarar opp til toppen. For at laget skal få nok midlar til å oppretthalda standarden på løypa er det viktig at lokale trimmarar meldar seg i mosjonsklassen og går denne dagen. Målet vårt er att alle som er på toppen har registrert seg i mosjonsklassen – ei viktig støtte til Ulvik IL.

I år og kan mosjonsklassen velja om dei vil starta på Byrse (Børsheim, 230 moh) eller nede ved kongressen. På Byrse kan du betala med vipps. . Gode parkeringsplassar på Byrse. Det er og rabatt for familie med 2 vaksne + 2 barn - totalt 300 kr. 

 
 Mellom deltakarar i mosjonsklassen utan tid vert det i tillegg trekt ut tre hovudpremiar.

1. premie er sykkel frå Sport 1. Premiane på loddtrekning vert berre delt ut til dei som møter fram til premieutdelinga på kongressen.

Kvasshovden opp går frå sentrum til Kvasshovden på 1030 moh. Totalt 7,5 km. Sjå elles praktiske opplysningar på kvasshovdenopp.no . På veg opp til toppen kan du og få med deg 10 utvalde Olav H Hauge- dikt (i alle fall for mosjonistane)

Motbakkeløpet Kvasshovden opp engasjerar rundt 60-70 frivillige dugnadsarbeidarar frå laget! 

Meld deg på til Kvasshovden Opp her