Denne saka er òg publisert på Norges idrettshøgskole si nettside og er gitt att med løyve frå artikkelforfattaren
 

Langrennsforskar Thomas Losnegard hugsar den fyrste gongen han diskuterte løpsopplegg med dei beste skiløparane i landet.

– Kvifor velger de å opne såpass hardt? spurte han. 

Måtte bli kult å ligge bak

Svara han fekk overraska. Fleire av utøvarane svarte at dei rett og slett ikkje turte å vere bak dei andre på fyrste passering.

– Me måtte jobbe litt med å prøve snu det til at det heller blei litt "kult" å ligge bak i starten, seier Losnegard.

For tradisjonen har vore å ikkje spare på kreftene og gå hardt ut for norske langrennsløparar. Dei fyrste rundane har ofte blitt gått raskare enn dei siste. Men er det eigentleg det som løner seg?

Losnegård har jobba tett med langrennslandslaget og landslagstrenar Eirik Myhr Nossum sidan han blei ein del av trenarapparatet i 2016. 

– Det er heilt klart at me har endra måten me går på dei siste ti åra, seier Nossum. 

Korleis bør Klæbo opne?

Men korleis bør Johannes Høsflot Klæbo, Simen Hegstad Krüger og resten av dei norske medaljekandidatane eigentleg legge opp løpet sitt på 15 kilometeren i VM?

Martin-Loewstroem-Nyenget-og-Eirik-Myhr-Nossum-foto-Norges-Skiforbund.jpg
Landslagstrenar Eirik Myhr Nossum har sidan han kom inn i trenarapparatet i 2016, jobba mykje med løpsoppglegget til utøvarane sine. Mange av utøvarane som Martin Løwstrøm Nyenget har endra måten dei disponerer renn på. Foto: Norges Skiforbund)


Landslaget har brukt forskingsresultata aktivt i førebuinga til dei viktige meisterskapa dei siste åra. 

I 2014 starta Losnegård og teamet på NIH forskinga på løpsdisponering eller "pacing" i langrenn. I andre kondisjonsidrettar som løping og sykkel er dette langt lettare å måle med kilometertider og wattmåling. I langrenn påverkar føre, løype og ski farta til utøvarane i stor grad. Det kan gjere det vanskelegare å disponere eit renn.

– Det har iallfall hatt eit veldig stort potensial, fordi ein kanskje ikkje har vore så opptatt av det i langrenn. Viss ein ser mot løping, skøyter og svømming ser ein at verdsrekordane er sett med ein veldig jamn fart gjennom heile løpet. 

Viktig å gå jamne rundar 

Analyser av verdscuprenn viste at det var ganske stor forskjell på rundetidene sjølv hos dei beste utøvarane når dei for eksempel gjekk 3 x 5 kilometer på ein 15 kilometer med individuell start. 

– Men dei aller beste utøvarane var i stand til å gå jamnare enn dei dårlegare utøvarane. Det galdt spesielt på herresida, forklarer Losnegard. 

Det blei utgangspunktet for forskinga og utøvarane blei utfordra på kvifor dei valde å løyse "pacing" på ein anna måte enn i andre idrettar. Dei har gått omfattande til verks på analysedelen og fått mange svar dei siste åra. Mellom anna ved hjelp av GPS og analysekompetanse frå Jan Kochbach og NTNU. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom Olymiatoppen, NTNU, NTG og NIH.

Niskanens gull gav interesse

Eirik Myhr Nossum meiner det gjekk eit lys opp for han da Iivo Niskanen tok eit knusande gull på heimebane i Lahti-VM i 2017.

– Han vann med nærmare 20 sekund, og 17 av dei sekunda blei tatt på ein veldig kort del av løpet, som eigentleg ingen tenkte var ein viktig del. Det gav grobotn for ein interesse for min del. Korleis kunne ein i større grad optimalisere distribusjonen av krefter i eit løp? spurte landslagstrenaren seg.

Svara har Losnegard og teamet hans på institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH prøvd å gje. 

– Riktig disponering har me sett mange eksempel har veldig stor betydning. Det er ikkje berre snakk om eitt sekund, det kan vere så mykje som 15 sekund på ein 15 kilometer med tanke på om ein har ein riktig eller ein dårleg opningsfart, seier Losnegård. 

Kan tape gullet før fyrste passering

Å finne den riktige startfarta har altså peika seg ut som det aller viktigaste, spesielt i individuell start der alle går mot klokka og blir sekundert undervegs.

– Er det den som treff best på opningsfarta som tek gullet på 15 kilometeren i Planica?

– Eg trur iallfall at du kan tape gullet i starten, med ein for tøff start. Eg vil ikkje seie at det er noko risiko å ha ein meir kontrollert åpning. Men me er veldig opptekne av å skilje mellom ei roleg opning og ei kontrollert opning, seier Losnegard og held engasjert fram:

– For ei roleg opning er ikkje bra, ein skal ha kontroll i starten, og det einaste som kan skje da er at du går like fort, eller at du går fortare. 

Holund og Sundby låg bak i gulløpa

Eirik Myhr Nossum drar fram to gulløp der han har stått i løypa og sekundert. Dei to siste verdsmeistrane på 15 kilometer i Oberstdorf i 2021 og Seefeld 2019.

– Sundby tok gullet med 2,3 sekund på ein 15 kilometer som tok 37-38 minutt. Holund var nesten 13 sekundar bak leiinga på 1,2 km, men ender opp med å ta eit suverent VM-gull. Eg trur ikkje eg overdriv veldig når eg seier at dei to gulla delvis er på grunn av god løpsstrategi og tankegang på korleis dei skal løyse løpet, seier Nossum. 

Sjølv om det nå berre blir gått med invdividuell start i eitt VM-renn, er også forskinga relevant når det kjem til fellesstart.

Kanskje kan også mosjonistar dra nytte av kunnskapen når dei skal finne ei fornuftig opningsfart i turrenn som Birken og Vasaloppet. 

– Fellesstartane lever jo ofte sitt eigne liv. Men i det me kallar "mikropacing", altså korleis du disponerer kreftene i ein runde eller del av eit renn, kan ein gjere tiltak også i fellesstartar. Det handlar om å unngå å ligge først i starten av nedoverbakken, eller å gå først på flatene der luftmotstanden er stor, tipsar Losnegård. 

Nossum kan "justere" undervegs

Du har kanskje sett Eirik Myhr Nossum rope og sekundere langs løypa i meisterskap og verdscup på TV. I Planica står han der igjen.

Løpsopplegget er nøye planlagt på førehand, men ser landslagstrenaren ein litt for ivrig nordmann frå start kan han kome til å korrigere frå sidelinja.

– Kanskje spesielt dei første fem kilometrane meiner eg at sekundering er veldig nyttig med tanke på kalkuleringane deira, korleis skal dei justere farta? Det kan vere veldig nyttig og viktig. Mot slutten blir det meir "heia, heia" og dei små detaljane, fortel Nossum.

Men det er ingen tvil om at forskinga dei siste ti åra har påverka tankegangen til dei fem norske utøvarane som skal jakte gull på 15 kilometeren 21.februar.

– Det er ingen tvil om at gutta som går nå, går løpet på ein annan måte enn dei gjorde da eg fyrst kom inn i 2016. Dei var ganske gode skiløparar før også, men eg trur at enkelte av dei også går fortere nå på grunn av at dei har henta nokre prosentar gjennom disponeringa, seier Nossum.

Som for landslagsløparane som jaktar VM-medaljar i Planica, handlar det også for mosjonisten om førebuing og planlegging. Langrennsforskar Losnegard gjev deg her tre tips for korleis du kan legge opp turrennet ditt, anten det er Birken, Vasaloppet, Skarverennet eller eit heilt anna renn.

Tre tips for løpsdisponering for mosjonisten 

  • Du må trene på det i forkant. Tren opp kjensla med tanke på kor fort du kan opne. Viss du for eksempel skal gå ein ti kilometer, så kan du rett og slett teste kor lang tid du brukar på dei forskjellige rundane. Da bør du i prinsippet kunne gå omtrent like fort på andrerunda som på føresterunda.
  • Kjenn etter kva slags kjensle du har etter et par kilometer. Kva slags kjensle må du ha, for at du skal klare å gå den andre runda like fort?
  • Bruk enkle hjelpemidler med klokke, og kalibrer di eiga kjensle med tanke på opningsfart, så kan det føre til at du også går skirenn betre.
     

Thomas-Losnegaard-Eirik-Myhr-Nossum-og-Christina-Gjestvang-foto-Gjermund-Erikstein-Midtboe.jpgThomas Losnegård og Eirik Myhr Nossum (på skjerm) var gjester hos Christina Gjestvang i NIH-poddens VM-spesial. (Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø)


Høyr NIH-poddens VM-spesial om løpsdisponering med Eirik Myhr Nossum og Thomas Losnegard