Dei to 14-15-åringane hadde denne gongen klar margin til veteranane i feltet. Glomnes, som fekk tida 8.04, var klart føre Anders Eidsnes (f. 1973) på tredjeplass. Eidsnes i yngste veteranklasse noterte 8.40.

Grethe Jørgensen var for femte gong denne sesongen raskaste kvinne. Ho sette ny personleg rekord i karusellen med 8.43, ei forbetring med åtte sekund. Grethe hadde femte beste tida av alle i feltet denne gongen.


Litt lenger nede på lista noterte Are Flekke i 16-årsklassen fin framgang med 9.13. Det var 16 sekund betre enn tidlegare. Han vart tett følgd av endå yngre Øyvind Kallestad i 11-årsklassen, han sprang på 9.20.

Forholda laurdag var stort sett bra med berr veg det meste av løypa. Glatt var det i starten og rundt første sving og på oppløpet til mål.

Av dei 55 deltakarene denne fine laurdagen var det berre 15 som sprang på tid, medan 40 tok turen rundt Eikangervågen utan tidtaking. Mange valde å ta det roleg i etterkant av forkjøling og influensa.

Neste løp i karusellen går laurdag 18. januar.

Vinterkarusell 2011-12, 6. løp.

Eikanger 28. januar 2012

Arr.: Eikanger IL

Lettskya, fint, ca. 1-2° C.

Stort sett berr veg, glatt start, første ving og oppløp.

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Lasse Nordal                  7.29
2. Håvard Glomnes                8.04
3. Anders Eidsnes                8.40
4. Jan Kårbø                     8.42
5. Grethe Jørgensen              8.43
6. Gunnar Hauge                  9.12
7. Are Flekke                    9.13
8. Øyvind Kallestad              9.20
9. Terje Eidsnes                 9.37
10. Arve Henningsen             10.04
11. Sverre Solberg              10.10
12. Stein Tore Viken            10.41
13. Johannes Slethaug           10.49
14. Silje Nordal                10.55
15. Magnus Elvik                12.11
16. Arve Lekva                  13.50
17. Sandra Lekva                13.51

Utan tid:
Ove Danielsen, Kåre Eide, Steinar Eide, Wenche Kjørlaug Eide, Leiv Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Svein Glomnes, Brit Lillian Melseter Haukås, Steinar Haukås, Arnfinn Hellevang, Andreas Hofslundsengen, Svein Helge Hofslundsengen, Alf  Høyland, Linn Marie Kjørlaug, Marte Kjørlaug, Tuva Kjørlaug, Ole Kristian Kjørlaug, Margrethe Larsen, Inge Leknes, Anita Lekva, Harald Marthinussen, Hilde Marthinussen, Jonas Marthinussen, Malin Marthinussen, Olai Nepstad, Sigmund Nævdal, Anna Lena Nævdal, Einar Skrede, Eirik Skrede, Kristian Skrede, Aase Midtgaard Skrede, Grethe Titland, Åge  Toft, Laila Toft

I alt 55 deltakarar.

Nest løp: Laurdag 18. februar kl. 15.00.


Lasse Nordal tok teten ut frå start. Her vert han følgd av Anders Eidsnes (startnr. 34), Jan
Kårbø (24), Håvard Glomnes (19) og Grethe Jørgensen (3).


Grethe Jørgensen setter ny personleg bestenotering i karusellen og vann for femte gong.


Are Flekke (t.v.) i 16-årskalssen hadde ein frisk spurtduell med veteranen Gunnar Hauge,
som sistnemnde vann. Mellom dei litt bak sprang Øyvind Kallestad i 11-årskalssen eit sterkt løp.


Håvard Glomnes sprang inn til ein klar andreplass på tida 8.04.