Samme helga som 11500 løp i Oslo Maraton, 5000 i Stoltzekleiven Opp, 400 norske løp i Berlin Marathon var det også mange norske som hadde tatt turen til Stockholm og Lidingøloppet. Det var Noreg saman med Finland som som hadde flest deltakarar med av land utanom Sverige.

Noreg har stolte tradisjonar i Lidingøloppet. Grete Waitz vann hoveddistansen, som då var 15 km, heile tolv gonger. Ingrid Kristiansen, Stine Larsen og Gunhild Halle Hauge (i 2001 - siste året med 15 km)  har vunne éin gong kvar. På 30 km for menn vart det norsk siger 6 gongar i løpet av 7 år med to kvar av Øivind Dahl, Knut Kvalheim og Jarl Gaute Aase. Dei løp på frå 1.37.55 til 1.39.34 i løyper som sidan er forvandla frå stiar til grusvegar for å få plass til fleire deltakarar. Slike tider hadde gitt klar andreplass i år.

Men no er det lenge sidan siste norske sigeren. Den tok Susanne Wigene i 2005 på 10 km på 33.05, som er gjeldande løyperekord. Grete Waitz har løyperekorden i 15 km-løypa. 

Éin norsk siger i år 
Om det ikkje blir norsk siger i hovedløpa, så tok Emma Kirkeberg Mørk sigeren i 9-årsklassen med suveren margin. Mora, Grete Kirkeberg, har høsta store triumfar i Stockholm med tre sigrar i Stockholm Marathon. No er det dottera og sonen som overtar. Faren Øyvind Mørk, med ein pers på 2.25 på maraton og ei fortid som norsk landslagssjef i friidrett, har og bidratt med gener for løping. 


Andre norske topp-tre-plasseringar:

Jenter 9 år:

 

Pl Nettotid Namn Klubb Stad
1 00:06:17 Emma Kirkeberg Mørk IF Sturla DRAMMEN
2 00:06:38 Vendela Ronsten IK Heros SMEDJEBACKEN
3 00:06:46 Hedvig Henriksson Älta ÄLTA
         


Gutter 10 år:

 

 

Pl Nettotid Namn Klubb Stad
1 00:05:41 Andreas Carlsson Väsby Friidrott UPPLANDS VÄSBY
2 00:05:46 Martin Kirkeberg Mørk IF Sturla DRAMMEN
3 00:05:46 Albert Nygren Upsala IF UPPSALA
         


Jenter 13 år:

 

 

Pl Nettotid Namn Klubb Stad
1 00:11:04 Andrea Claeson Luleå Friidrottsförening S SUNDERBYN
2 00:11:07 Sanna Fasth IK Akele BOXHOLM
3 00:11:12 Martine Engebretsen Heming IL OSLO
         


Jenter 17 år:

 

 

Pl Nettotid Namn Klubb Stad
1 00:11:04 Andrea Claeson Luleå Friidrottsförening S SUNDERBYN
2 00:11:07 Sanna Fasth IK Akele BOXHOLM
3 00:11:12 Martine Engebretsen Heming IL OSLO
         


15 km-distansen er trimdistansen i Lidingøloppet. Der var Ingemund Askeland frå Haugesund IL og Etne nr. 4 med 53.52, to og eit halvt minutt bak vinnaren. 4420 løp 15-km-løpet.




Verdas største terrengløp
Lidingøloppet går på den relativt vesle øya  Lindingø forbunde med Stockholm med bru. Det er fleire løparar på dei ulike distansane enn det er fastbuande. Påmeldingstalet er totalt over 43 000, som kvalifiserer til tittelen største terrengløp i verda. I alt fullførte 3368 kvinner og 11992 menn originaldistansen 30 km.
 
Terrengløp heiter det. Dei fleste metrane går på flotte grusvegar, men det er veldig kupert og skikkeleg tøft! Det vert starta i mange ulike puljar med 10 minutts mellomrom. Kjem du bak i ein pulje, er det så fullt at du må gå anten du vil eller ikkje. Etter 7 - 8 km vert det litt spreiing, og du kan då koma deg forbi om du har ekstra krefter. Er du "god" og havnar i ein dårleg pulje, vil du om du startar fremst i puljen kunne springa fort - heilt til du tek igjen mange av dei som starta 10 minutt før deg, eller meir.

Solide, venlege og målretta arrangørar
Martin Psilander i arrangørklubben har ansvar for dei internasjonale løparane. Ved frukosten før hovudløpet sat han saman med nokre av stjernene og avslappa og smilande og hadde tid til utenforståande også. Han var trygg på sine oppgåver og hadde full kontroll. Han får vera symbol på profesjonelle arrangørar i dette flotte arrangementet. I år gjekk det også i strålande sol og 15 - 16 gradar celsius.

Original-loppet 30 km med enorm deltaking!
15360 fullførte Lidingøloppet 2011 på den lengste distansen. Men spørsmålet er om ikkje det må setjast eit tak på deltakartalet når fleire av dei som vil springa, må gå fordi det er så tett i dei relativt trange løypene. Men det var mange, mange smilande både løparar og arrangørar.

Startnummerutdeling, toaletttilhøve, byting av distansar (der det var ledig plass), innkvartering, parkering oppmerking med fane for kvar km, og væskestasjonar, ja alt virka særs godt organisert.

Eit spesielt løp må det vera. Me ser at ein så god løpar som John Sompol vart nr 5 over ni minutt bak Lewis Korir. Men så var også tida til Lewis Korir den nest beste som nokon løpar har oppnådd i Lidingøloppet.

45 ulike tilbod
Me talte opp 45 ulike tilbod over tre dagar. Stavgang, ulike klassar i barneløp, 15 km , 30 km for kvinner og menn, ungdomsløp, veteranløp, Tjelopp, skolestafett, firmastafett osb...


Frå venstre: Suverene Lewis Korir, Martin Psilander frå arrangørane og Japhet Kipkorir, som vann i 2009 og 2010, men måtte gje seg medan han låg på 2. plass ikkje langt frå mål                                                  Foto: Gisle Sellevold

For forrige helgs vinner av Birkebeinerløpet, John Sompol fra det norske løperprosjektet Barakarunner, ble det et litt spesielt løp. 30 minutter før start hadde eliteløperne levert sin bagasje for utlevering i målområdet, - og John hadde glemt å ta ut løpeskoene sine av baggen. Da det ble oppdaget ble det travelt. Kona til elitekoordinatoren løp det hun kunne til målområdet og fant skoene, men da hun var tilbake, var starten gått for nesten tre minutter siden. John løp i sikk-sakk mellom noen tusen løpere og kom i mål på 5. plass to minutter etter nr. 2. 

Martin Kjäll-Ohlsson, som er halvt svensk, men er bosatt i Oslo, var eneste norske eliteløper i Lidingøloppet.  Han ble nr. 15 på 1.49.26. Det er et godt stykke fram til det norske løpergutter løp på rundt 1980. Hva Sondre Norstad Moen kunne ha løpt på om han stilte opp, er rene spekulasjoner. Men han hadde neppe vært langt etter Øivind Dahl, Knut Kvalheim og Jarl Gaute Aase.

Resultat 30 km: 

Menn:

 

 

Pl Nettotid Namn Klubb Sted
1 01:34:54 Lewis Korir Kenya  
2 01:42:01 David Nilsson Högby IF KALMAR
3 01:42:27 Lars Johansson Enhörna IF ÄLMHULT
4 01:42:36 Henri Manninen Finland -
5 01:44:00 John Sompol Barakarunners/Kenya -
6 01:44:13 Kristian Algers Enhörna IF SÖDERKÖPING
7 01:45:01 Haben Idris Hässelby SK DANDERYD
8 01:46:15 Jonas Buud IFK Mora MORA
9 01:47:09 Patrik Engström FK Studenterna SOLLENTUNA
10 01:48:16 Linus Nilsson Enhörna IF ÅRSTA
         
15 01:49:26 Martin Kjäll-Ohlsson Hälle IF/SK Vidar OSLO
134 02:03:10 Torbjørn Stokke PwC OSLO
153 02:04:28 Martin Ivarsson Atea  OSLO
         


Kvinner:

 

 

Pl Nettotid Namn Klubb Sted
1 02:02:55 Charlotte Karlsson IFK Tumba STOCKHOLM
2 02:05:17 Petra Kindlund Motionärsligans  STOCKHOLM
3 02:06:01 Eva Nyström Ullevi MÖLNDAL
4 02:06:18 Rebecka Törner FK Studenterna STOCKHOLM
5 02:07:47 Kristina Roberto OK Linné UPPSALA
6 02:09:01 Therese Olin Sundsvall SUNDSVALL
7 02:09:26 Annelie Johansson SOK Knallen , Borås SJÖMARKEN
8 02:09:38 Karin Nilsson Ullevi Friidrott VÄSTRA FRÖLUNDA
9 02:09:46 Louise Nilsson MAI MALMÖ
10 02:11:33 Josefin Gerdevåg IF Start ÖREBRO
         



I svenske løp er det laurbærkrans til segraren. Isabellah Andersson vann 10 km Tjejlopp.                        Foto: arrangøren

Isabellah Andersson vann Tjeloppet 10 km
Yrke: Løpar.
Ja, Isabellah er i verdseliten på maraton. Ho vart nr 7 i VM i Sør-Korea på marathon. Uhyre sterkt! No var ho nokre få sekund føre nr. 2.

Fra Lidingöloppets nettsider:
"Isabellah sprang de 10 kilometrarna på 35:26, och var endast 8 sekunder före tvåan Jeri Emuru, Sundbybergs IK. De två hade under banan försökt rycka ifrån varandra ett flertal gånger, men inte lyckats. Isabellahs sista plan var då att köra på under den sista kilometern för att slippa en spurtuppgörelse, och den planen lyckades hon alltså med. Efter att ha tävlat varje helg sedan VM börjar Isabellah känna sig sliten, och ser därför fram emot 6 veckors tävlingsuppehåll med fokus på träning istället." (svensk tekst henta frå Lidingøloppets hemsida)

 

Resultat 10 km kvinner (hovedløpet for kvinner)

 

 

Pl Nettotid Namn Klubb Stad
1 00:35:26 Isabellah Andersson Hässelby SK VILSHULT
2 00:35:34 Jeri Emuru Sundbybergs IK VÄLLINGBY
3 00:36:21 Susanne Grimfors FK Studenterna TÄBY
4 00:36:28 Flora Kandie Kenya -
5 00:37:13 Dorcas Cheserek Kenya -
6 00:37:18 Cecilia Kleist IK Akele LINKÖPING
7 00:37:40 Gabriella Samuelsson hässelby SK ÖREBRO
8 00:37:58 Sara Lindborg Trångsvikens IF ÖSTERSUND
9 00:38:00 Hanna Bartholomew FK Studenterna STOCKHOLM
10 00:39:07 Ellen Van Leeuwen RCGENT GENTBRUGGE
         
13 00:39:43 Solfrid Braathen SK Vidar/Team Exspirit HAGAN
16 00:40:05 Marianne Myklebust Hamar IL friidrett HAMAR
         

 



Isabellah Andersson vart nr 7 i VM maraton i Daegu i Sør-Korea. I Lidingøloppet sprang ho 10 km.   Foto: Gisle Sellevold


At det er god toalett-service er viktig for at mange skal gjera gode løp.                                                Foto: Gisle Sellevold


Ei av dei uttallige smågruppene som passerte på 10 km for veteranar. Kvar tiårsklasse hadde eigen start.
Foto: Gisle Sellevold