Suksess på første forsøk. Full maraton og fyrste nautiske maraton i verda: 4 ganger ein nautisk mil á 1852 m = 7769 m. Veldig originalt.
Om lag 65 mennesker bur på denne øya langt ute vest i havgapet. Men arrangera maraton `det kan dei.
Eventyr?
Ja, for dette var eit sprøtt påfunn. Knapt 2 km med veg og så arrangere full maraton. Temmeleg sprøtt påfunn. Men dette vart ei oppleving for vel hundre born, ungdommar og vaksne.
22 starta på full maraton - og alle fullførte i det strålande veret. Sol, fleire og 20 gradar og vindstille gjorde full maraton til ei skikkeleg kraftprøve. Ti rundar à 4219.5 m i ei krevande løype på asfalt og gras.
Helge Jordal framførte Terje Vigen
I samband med premieutdelinga hadde arrangøren Møkster Bu hyrt inn Helge Jordal til å framføra Henrik Ibsen sitt vidgjetne dikt om Terje Vigen som rodde til Danmark frå Grimstad for å kjøpa korn og få det gjennom den engelske blokaden i 1814. Det var ei mektig oppleving å høyra ein dei største skodespelarane i Noreg framføra dette verket til musikk av Eivind Bøksle. Ein glimrande lydteknikar gjorde dette fullkome. Ein kunne sjølvsagt reist til idylliske Møkster berre for denne fantastiske hendinga nede på stranden. Opninga var genial då Terje Vigen, alias Helge Jordal kom fossroande inn vika i ein ordentleg oselvar.
Møtt av velkomstkomite på kaien - og så rett opp til varm velkomst og god informasjon på Møkster skule.
Resultater
maraton menn:
Startnr. | Deltager | TID | Klasse menn |
Klasse - 19 | |||
2 | Nesse, Håvard | 03:45:22 | 0 - 19 |
Klasse 20-29 | |||
5 | Møgster, Knut Halvor | 03:37:12 | 20 - 29 |
Klasse 30-39 | |||
8 | Taranger, Bjørn Tore | 03:04:18 | 30 - 39 |
6 | Wåge Møgster, Oddgeir | 04:22:59 | 30 - 39 |
11 | Møgster, Alf Helge | 05:46:09 | 30 - 39 |
17 | Utkilen, Morten | 06:06:40 | 30 - 39 |
Klasse 40-49 | |||
13 | Johansen, Frode | 03:16:26 | 40 - 49 |
22 | Tveit, Odd Gunnar | 03:24:34 | 40 - 49 |
1 | Pålsson, Bruno | 03:29:45 | 40 - 49 |
7 | Tubaas, Peter | 03:38:02 | 40 - 49 |
16 | solhaug, sverre | 04:34:55 | 40 - 49 |
14 | Lund, Allan | 04:49:52 | 40 - 49 |
Klasse 50-59 | |||
15 | Vaage, Gunnar | 03:29:34 | 50 - 59 |
9 | Weydahl, Jon | 04:21:04 | 50 - 59 |
10 | Haugen, Inge Asbjørn | 04:22:16 | 50 - 59 |
12 | Polden, Sveinung | 04:26:59 | 50 - 59 |
21 | Gaupås, Alf | 04:33:24 | 50 - 59 |
Klasse 70-79 | |||
19 | Berntsen, Hans Jacob | 06:50:00 | 70 - 79 |
Resultater
maraton kvinner_
Startnr. | Deltager | TID | Klasse kvinner |
Klasse 20-29 | |||
4 | Troland, Mariel | 04:33:17 | 20-29 |
18 | Mehus Sunde, Anette | 04:49:00 | 20-29 |
Klasse 40-49 år | |||
Ragnhild Audestad | 04:11:44 | 40-49 | |
Klasse 50-59 | |||
20 | Birkeland, Brit Elin | 06:50:00 | 50-59 |
Resultater frå ei natutisk maraton er so langt ikkje mottatt.

Nr 19, Hans Jakob Berntsen med sin maraton nr 282. Han har fått operert inn hjartestartar - men utruleg nok klarte han å fullføra nok eit maraton i fin stil.

Velkomen til Møkster Maraton. Alt frå hurtigbåtkaien følte folk seg velkomne i dette eventyrlege øyrike.

Over tretti ungar var samla til start i det aller fyrste Møkster Maraton

Lars Henning Møgster med ein velfortent medalje etter ein av dei flottaste spurtane.

Også dei små var med frå starten.

Alle fekk diplom av Tang og Tare-prinsessa. Tuva, Jean, Vilde og alle dei andre stilte fint i kø.

Flott kafé og lotteri. Her hjelper sjølvaste Helge Jordal til med trekkinga av lotteriet.