Det andre løpet i årets karusellsesong vart arrangert 6. november. Det var regn og slaps, men likevel mange gode tider og personlege rekordar. Mange ungdomar sprang fort denne kvelden. Bl.a. persa både Vebjørn Kveberg Opsanger og Eline Sandnes Fosse. Det gjekk også fort unna med skiskyttarane Malin Bergtun Auganes og Johanna Mo. Valdemar Børresen som berre er 11 år, har alltid sprunge fort på Vinterkarusellen. Tysdag imponerte han igjen med tida 17,25,

Fyrst i mål kom framneseleven Øystein Wigestrand, som spring for Strandebarm IL. Det var fleire unggutar frå Framnes som sprang denne kvelden. Det var deltakarar frå Kvam, Kvinnherad, Fusa og Bergen. Oppmøtet var ok med vel sytti startande. Dei fekk alle ein kjekk trimtur. Vinterkarusellen er topp både sportsleg og sosialt. Her får alle ein fin trimopplevelse, uansett nivå og ambisjonar.

Etterpå var det trekking av diverse gåvepremiar. Hovudpremien på kr 500,- på gåvekort ved Mo Sport i Norheimsund vart vunnen av Ingrid Børsheim. Trimposane med drikkeflaske, refleks, energidrikk m.m. vart vunne av Rita Gjerde Trine Handal Ekerhovdog. Vinterkarusell t-skjorta var det Sondre Svåsand Måge som vann.

Neste løp i vinterkarusellen vert tysdag 27. november kl 19.

Strandebarm IL Friidrettsgruppa v/J.S. Børsheim

Resultater: Strandebarm vinterkarusell 2. løp