Med bestefar i Vågsøy nytta Førdeguten Marius Vedvik, som no representerar Gular, pinsa til å besøke slekta i Vågsøy, og til samtidig å delta i årets Måløyløp. Dette var oppladningsløpet for ein 3000 m som han skal delta i på onsdag. Marius Vedvik er allerede kvalifisert for U-23 EM i friidrett i juli på favorittdistansen 10000 m. Om han klarer kravet på andre distansar står att å sjå, men muligheten er der.

Hans beste internasjonale resultat er 4. plass i nordisk mesterskap på 10000 meter med tida 30.18,13 i hans debutår på seniornivå. For Marius Vedvik er bare 21 år gammal. Hans store mål er å kvalifisere seg til Brasil-OL i 2016. Då må han nok forbedre seg med to minutter for å klare B-kravet. Så for oss som arrangerer mosjonsløp er det ekstra kjekt at utøvarar på så høgt nivå vil komme ut i distrikta for å delta på lokale arrangement.

Under Måløyløpet i nydelig solskinn, nesten på grensa til å vere for varmt, sette han løyperekord med 21 sekund. Tida vart 21.34 i det nesten 6 km lange løpet. I kvinneklassa var Liv Berge frå Åheim einaste deltaker i 6 km-løypa og fekk tida 37.10. Årets Måløyløp samla totalt 55 deltakarar der 15 deltok i konkurranseklassa. Dette var nok litt under forventning, så vi har ein jobb å gjere for å få fleire lokale til å delta på mosjonsaktivitetar.

Resultata

Gutar 16-18 år
1. Simen Halsen Almenning IL 29.04

Menn JR 19-22
1. Marius Vedvik, Gular 21.34 (NY LØYPEREKORD)

Menn Senior 23-39
1. Kai Roger Haugen Loen 25.11
2. Inge Visnes Almenning IL 28.20

Menn 40-49
1. Helge Hafsås Olden 23.19
2. Ole Jonny Vallestad Holsen 24.51
3. Kim Øyvind Larsen Eid 26.01
4. Jan Erik Roset Gloppen FIL 28.23

Menn 50-59
1. Einar Strand Olden 27.19

Menn 60-69
1. Dagfinn Nyhammer Gloppen Fil 27.06
2. Magne Tystad Gloppen Fil 29.05
3. Inge Asbjørn Haugen Hornindal 31.36
4. Olav Lyslo Gloppen Fil 38.26

Menn 70-79
1. Jan Steinar Roset Gloppen Fil 33.18

Kvinner 60-69
1. Liv Berge Åheim 37.10


Rapporten er skriven av Inge Visnes frå arrangørlaget Almenning IL

Samanlagtstillinga Nordfjordkarusellen

Neste løp i Nordfjordkarusellen:
Postvegløpet   5. juni

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Løparane samla før start på Måløy stadion

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Vinnaren Marius Vedvik - med ny løyperekord

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 










Arrangøren v/ Inge Visnes overrekker laks til vinnaren i kvinneklassen, Liv Berge.



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

........og etterpå var det gratis grilla laks til løparane