Toppbiletet: Bjørn Kjetil Sørvik (med dotter), Bremnes Seashore, og Maryna Novik, IF Klypetussen vann "Osnes Rundt" 2014. Foto: Kondis
Maryna Novik vann for fjerde gong
Denne gongen trengte ikkje Maryna anstrenga seg altfor mykje. Det var bra, for ho fortalte Kondis før start at ho brygga på ein forkjølelse. 13 varmegradar og mykje regn før start ga dammar i løypa, men likevel gode løpstilhøve.
Bjørn Kjetil Sørvik vann for fyrste gong,
men fekk kamp til mål av det 13-årige talentet Matias Berge frå Ølen. Berge var berre fire sekund bak. 32.15 på fyrstemann, og då 32.19 på Matias.
Thomas Finshus måtte bryta.
Her må nemnast at Thomas Finshus var med og leia heilt til han fekk trøbbel med akillesane og måtte kasta inn handkle. Kondis vonar han snart vert frisk att. Han er ein markant løpar på Haugalandet og i Sunnhordland.
Berre 16 sprang ut i hovudfeltet.
Dette er trist, fordi som me skreiv i ingressen, så har løpet potensiale. Neste år er det 30. gong. Alle jubileer gir høve til å samla fleire folk. Her kan Etne IL og Osnes Rundt læra av Sluseløpet ikkje langt frå Etne. PR i god tid og klar alt i oktober. Det er same arbeidet. Meir PR i god tid, kostar litt ekstra, men gjev auka inntekter, og auka entusiasme når deltakartalet skyt i veret.
Hyggeleg gjensyn med Arne og Gunnhild
Gunnhild Haukeland og Arne Innbjo har vore trufaste gjestar på "Osnes Rundt". Arne fekk utmerking for si 25. deltaking etter årets løp.. Desse veteranane er gode representantar for Haugesund IL. Gunnhild pluss Kondis sin representant i Sunnhordland starta på tidleg start, og kjem i tillegg til dei 16 som starta i hovudfeltet.
Det gjer også Skjalg Duesund. Han kom seg i gjennom Etne Duathlon tidleg i august med lett hjarteinfarkt - med påfølgande helikopter-transport til Stavanger regionsjukehus. No tok han det roleg, men likevel på respektable 42.23.
21 ungar sprang miniløp utan tidtaking, og om lag 55 gjekk tur. Totalt 95 deltakarar.
Resultatar etter siste bilete.
Alle foto:Kondis
Hovedfeltet klare til start. Thomas Finshus nr 13! måtte bryta på grunn av akillestrøbbel.
Matias Berge (nr 15) føre vinnaren, Bjørn Kjetil Sørvik (nr 8) og Ørjan Løhaugen nr 7.
Petra og Anita heier på mamma Maryna, som vann kvinneklassen, ut av Etne stadion. Nr 5 Peter Øren kom på 3. plass i løpet. Maryna Novik i rosa.
Kirsten Lien nr 11 vart nr to i dameklassen etter nok eit godt løp. Nr 5 Petter Øren kom også på pallen med 3. plass i herreklassen. Nr 17 Mariann Vevatne gjorde også eit godt løp og vart nr 3 i kvinneklassen. Her har dei nett passert 1 km.
Stig Morten Sørheim er kjend lydmann i ABC studio i Etne. Har mange kjende produksjonar bak seg. No dukka han opp "frå intet", og viste at han også er ein habil løpar.
21 born og 21 vinnarar i barneløpet.
Resultater:
Kvinner:
1. Maryna Novik IF Klypetussen 33.26
2. Kirsten Lien Røldal IL 35.10
3. Mariann Vevatne Etne IL 37.49
4. Solgunn Vaa Etne IL 39.24
5. Inga Wangensteen Etne IL 41.01
6. Gunnhild Haukeland Haugesund IL 70.00
Menn:
1. Bjørn Kjetil Sørvik Bremnes Seashore 32.15
2. Matias Berge Stegaberg IL 32.19
3. Peter Øren Etne IL 34.13
4. Ørjan Løhaugen IF Klypetussen 35.06
5. Stig Morten Sørheim Etne IL 36.29
6. Jon Oddvin Moe Etne IL 36.48
7. Stein Olav Ølvestveit 40.39
8. Harald Måge IF Klypetussen 40.41
9. Skjalg Duesund IF Klypetussen 42.23
10. Gunvald Gundersen IF Klypetussen 42.44
11. Andreas Ølvestveit 51.07
12. Gisle Sellevold IF Klypetussen 53.30
Thomas Finshus Stegaberg IL Brote

Maryna Novik og Bjørn Kjetil Sørvik vann Osnes Rundt
Sundag 24. august gjekk Osnes Rundt for 29. gong. Kanskje med det lågaste deltakartal nokon gong. Grunnen er klinkande klår: for dårleg marknadsføring.
Det er ekstra ille, for Osnes Rundt har potensiale i ei flott, 8.3 km lang, men krevande løype. Hyggelege arrangørar, bra merka løype, og ein enkel, men heilt grei premieutdeling.
Start og mål på Etne stadion i Sunnhordland.
Det er ekstra ille, for Osnes Rundt har potensiale i ei flott, 8.3 km lang, men krevande løype. Hyggelege arrangørar, bra merka løype, og ein enkel, men heilt grei premieutdeling.
Start og mål på Etne stadion i Sunnhordland.
Siste medlemssaker
Annonse