Thomas Asgautsen fra Stavanger bestemte seg rett før start på å doble og meldte seg også på 5 km. Der ble det en klar seier, mens det på halvmaraton ble andreplass bak Urige Buta.
Langs Skeisvatnet: Urige Buta er suverent i tet i Haugesund Halvmaraton. (Foto: Einar Søndeland)
Urige på sporet igjen
Urige Arado Buta har slitt mykje med skadar og problem når han har nærma seg store meisterskap som han har trent vanvittig godt til. Heldigvis har ikkje dette hyggelege mennesket lagt skoa på hylla. Med pers på 1.01.48 på halvmaraton, så var jo dette eit stykke bak, men 1.09.40 er absolutt eit bra nivå for 38 år gamle Urige, som spring for arrangørklubben Haugesund IL.
Pers med over 3 minutt: 36 år gamle Maryna Novik starta å løpe seint, men blir stadig betre. Denne gongen ble det ei solid betring av persen. 1.19.09 er den fjerde beste tida blant norske løparar i år og den beste som er oppnådd i eit norsk løp i år. (Foto: arkiv/Kjell Vigestad)
Maryna Novik, IF Klypetussen knuste løyprekorden!
Det er ikkje klubben som har gjort jenta frå Kviterussland så god. Dette har ho klart ved veldig systematisk trening gjennom mange år. Bondekone- og trebarnsmor på heiltid i Vikedal i Vindafjord kommune i Nord-Rogaland. Likevel har ho kome seg opp på veldig godt norsk nivå med 1.19.09 på halvmaraton i Haugesund. Det er personleg rekord med over tre minutt. Tida hennar hadde holdt til å bli nr. 5 i herreklassen.
I skogen: Pernilla Eugenie Epland løp sterkt på 5 km og vant dameklassen med godt over 5 minutter. (Foto: Einar Søndeland)
Pernilla Eugenie Epland, Stord IL med nytt, flott løp
Ho hadde 17.26 på 5 km, som er eit "sprint-tilbod" i Haugesund halvmaraton. Denne lovande utøvaren frå Tysnes, men som representerer Stord IL, har teke store steg - og vert spennande å fylgja utover i sesongen. For to år sidan var ho heilt ukjend i løpsmiljøet. Ho har allereie flotte prestasjonar i år, t.d. med 4. plass i Sentrumsløpet i Oslo på 35.06 på 10 km..
244 på halvmaraton 48 på 5 km
244 fullførande på halvmaraton er blant dei høgaste tala Haugesund IL har hatt på dette arrangementet. For nokre år sidan var deltakinga heilt nede på 70. Men 48 på 5 km var tynt i denne flotte løypa. Så det vil vel vera til ettertanke for dei flinke leiarane i Haugesund IL.
Resultater
Halvmaraton kvinner
Maryna Novik, | IF Klypetussen | 35-39 år | 1.19.09 |
Sara Aarseth Jünger, | Spirit Friidrett | 30-34 år | 1.27.16 |
Vivian Kyte, | Stegaberg IL | 35-39 år | 1.29.41 |
Janne Elin Vatnaland | Spirit Friidrett | 25-29 år | 1.30.34 |
Elin Rame | Haugesund Triatlon | 40-44 år | 1.33.37 |
Halvmaraton menn
Urige Buta | Haugesund IL | 40-44 år | 1:09.40 |
Thomas Asgautsen . | Stavanger Sportscafe | 25-29 år | 1.16.38 |
Sjur Ferkingstad | Spirit Friidrett | 35-39 år | 1.17.14 |
Paul Nagle | Spirit Friidrett | 30-34 år | 1.19.04 |
Kenneth Dragøy | Haugesund Triatlon | 30-34 år | 1.19.19 |
5 km kvinner
Pernilla Epland, | Stord IL | 25-29 år | 17.26 |
Maria Sternhoff Austvik | Haukeland Sykehus BIL | 25-29 år | 22.45 |
Hedda Børø Opsøen | Stegaberg IL | 11-12 år | 23.47 |
5 km menn
Thomas Asgautsen, | Stavanger Sportscafe | 25-29 år | 16.33 |
Johannes Thomsen, | Haugesund IL | 30-34 år | 17:05 |
Marius Glærum | Bømlo | 25-29 år | 17.56 |
Alle resultater
Pers: Sara Aarseth Jünger blei nr. 2 på halvmaraton med 1.27.16 og betra tida si frå Egersund Halvmaraton i mars med 25 sekunder. (Foto: Einar Søndeland)
Haugesund halvmaraton: 5 runder, kvar på 4 km med runding inne på vakre Haugesund stadion. Med 97.5 m ekstra i starten, skulle det bli dei offisielle 21097.5 m. (Foto: Arrangøren)