Øystein Sylta, Sp.kl. Vidar og May Britt Buer, IL Gular var fyrst til topps på Hovlandsnuten Opp i Sauda laurdag 4.6. Salomoncup er Norsk Friidrett sin offisielle motbakkecup. Ulriken Opp var fyrst ut, og no var IL Ny Von i Sauda arrangør av det andre. Og IL Ny Von er verkeleg flinke, med fin rame på Risvoll skule. Varmt ver og sol frå skyfri himmel hjalp også godt til.

Ikkje berre skulle 910 høgdemeter forserast i løpet av 5.9 km, men mykje sørpe og større snøfenner enn normalt, gjorde løpet ekstra tungt i år. Og då blir vinnertidene meir imponerande. Øystein var berre 1.09 bak rekorden til ein av verdas beste i motbakkar, John Sompol, sette i fjor. Men Øyvind Heiberg Sundby gjorde også eit kjempeløp og var berre 28 sekund bak Øystein. May Britt var berre 1.19 bak Marie Nordsletten, IL BUL, sin rekord, også den frå løpet i 2010.

Bildet:
Øystein Sylta mot mål som vinner av Hovlandsnuten Opp.

Kvinner:

1. May Britt Buer IL Gular               46.58
2. Elin Steinsbø Fylkesnes Bremnes IL    48.57
3. Therese Sjursen BFG Fana              49.30
4. Kjersti Karoline Danielsen SPK. Vidar 50.25
5. Sereina Boner TG Hutten               50.51
6. Merete Weng                           51.17

4.19 minutt mellom dei seks fremste.

Menn:
1. Øystein Sylta SPK Vidar               39.22
2. Øyvind Heiberg Sundby IK Tjalve       39.50
3. Thorbjørn T. Ludvigsen BFG Fana       40.17
4. Torstein Tengsareid IL Skjalg         40.26
5. Kristen Skjeldal Voss IL              41.02
6. Joel Dyrhovden Samnanger IL           41.20

1.58 minutt mellom dei seks fremste

På lista over dei 122 som løp på tid (449 i alt) merkar me oss Gaute Kvåle frå Røldal IL på 10. plass. Han er berre 16 år og sprang på 44.04. Thomas Alsgaard vart nr 18 med 46.03.

Summa, summarum: Per Inge Fjeldheim og hans folk i arrangørstaben i IL NY Von har laga til eit nytt flott arrangement.

Alle resultater

Per Inge Fjellheim har teke desse bileta:


Øystein Sylta


Øyvind Heiberg Sundby


Thorbjørn Ludvigsen


Kristen Skjeldal ble nr. 5  og vant klasse 40-44 år.


Thomas Alsgaard er langtt bedre på ski enn i motbakkeløp og ble nr. 16. Det er likevel flott at skistjernen stiller opp og kaster glans over arrangementet.


May Britt Buer


Elin Steinsbø Fylkesnes


Snøfennene var nok kjekkare på nedturen enn på oppturen.