Søndag 29. januar satt over 1,6 milioner nordmenn benket foran TV-en for å følge herrenes finale i håndball-VM mens noen foretrakk andre aktiviteter. Inge Asbjørn Haugen, Norges mestløpende maratonløper, foretrakk å løpe sin maraton nummer 537. Den var lagt inn i en ferietur til Madeira der han - som angivelig første nordmann - deltok i Funchal Marathon.

Det var årets tredje maraton for honndølen, og hans raskeste maraton på 19 maratonkonkurranser (mai 2016).

Løpets hjemmeside

Resultatene

Video (der Inge Asbjørn har lurt seg med)

Fjordingen
 

Inge_Asbjørn (720x779).jpgNorsk sommervær på Madeira i januar...

 

Som vanlig har Inge Asbjørn oppsummert løpet sitt på facebook:

Maratonrapport nr 537/3

Yessssss ! Den satt!

Start ved hotellet der vi bur – Golden Residence.

Fantastiske forhold. Eg var litt skeptisk på førehand…..Eg må seie med ein gong: Arrangørane hadde gjort det beste dei kunne. Løypa var ikkje heilt flat, men den var i grunnen betre enn frykta.

Eg passerte halvmaraton på ca. 1.55.20, slik at håpet steig etter kvart. Kunne det gå bra ? Etter kvart såg det ut som eg hadde full kontroll, men som så ofte før: Dei siste kilometerane er dei tregaste. Likevel: Eg fullførte på 3.57.59 og var nøgd med det. Knallopning av sesongen !

Undervegs fekk eg oppmuntrande tilrop både frå norske og andre som tydeleg nok såg drakta mi. Eg vil elles rette ei stor takk til manageren min, Olav Myklebost + Kari og dei andre frå Jomfrureiser som bidrog til at dette gjekk så bra.

Eit lite skrytepoeng: Eg trur framleis at eg er den første nordmann som har sprunge maraton på Madeira. Eg trur ikkje at eg blir den siste……Maratonløpet gjekk for tredje gong

Funchal er ein triveleg plass å reise til midt på vinteren. Eg trur faktisk at eg har tapt litt av hjertet mitt her. Eg vart ikkje skremt - som Kirkvaag jr antyda.

I dag hadde eg bestemt meg for å vere øsen dersom det gjekk som eg hadde håpa……men slikt seier ikkje ein nøktern nordfjording på førehand. Han står heller med hua i handa og tek eventuelt det som kjem som bonus dersom han skulle gjere det bra…og slik vart det altså. Eg vart litt øsen….