Det var 22 aktive i 24.utgåva av Mensen Ernst Minneløp, og minst like mange barn i barneløpet. Det var flotte forhold med sol, men då store delar av løypa går langs fjorden i skuggen av tre og fjell, var ikkje varmen plagsam. Som tidlegare var det flott klassepremiering laga av lokale kunstnarar.

Asbjørn Vold, 19 år gammal skiskyttar frå Vik, vann Mensen Ernst Minneløp og var ca eit halvt minutt frå å slå Kjetil Dyrvik sin løyperekord.

 

    MENSEN ERNST MINNELØP i Fresvik  14. august 2010.
             
    Aktive, menn, 10 000 meter:        
    13-14 år:        
1   Endre Wold   Vik IL   39,52
2   Jens Storås   Fana IL ski   42,17
             
    17-18 år:        
1   Sigbjørn Bøtun,    IL Modig,   36,51
2   Dag Einar Bøtun,    IL Modig,   37,25
3   Egil Timberlid   Kaupanger IL   42,51
             
    19-20 år        
1   Asbjørn Wold   Vil IL   35,27
             
    Senior, 21-34 år:        
1   Ruben Bøtun   IL Modig   38,22
             
    Veteran, 35-39 år:        
1   Per Olav Bøyum   Fylkesbaatane-flagget   36,38
2   Sigurd Endresen       47,07
3   Arve Henningsen   Feidje IL   50,54
             
    Veteran, 40-44 år:        
             
1   James Ratcliffe   AFD England   39,10
2   Dirk Sasse       44,21
3   Rune Fromreide   Marinens Logistikkvåpen   45,19
             
    Veteran, 55-59 år:        
1   Odd Harald Gram   Vik IL   41,10
2   Svein Inge Wold   Vik IL   43,32
             
    Veteran 60-64 år        
1   Sverre Høgheim   IL Modig   45,41
             
    Veteran 65-69 år        
1   Hermund Kleppa   Fylkesbaatane-flagget   58,35
             
             
    Veteran 70-74 år        
1   Herlaug Kvamsøy   Fjeldstrand BIL   56,05
2   Håvard Breilid   IL Modig   57,00
             
    Aktive kvinner, 10 000 meter:      
             
    Senior, 21-34 år:        
1   Gro Jordalen   Strindheim Friidrett   44,23
             
    Veteran, 35-39 år:        
1   Elin Loftesnes   Sandhurst Joggers   54,14
             
    Veteran, 40-44 år:        
1   Turid Vallestad   Haukedalen IL   1.00,13
             
    Veteran, 45-49 år:        
1   Oddny Ringheim   CSC BIL   48,02

Dag Einar Bøtun legg ut som nr. 2 med Sigbjørn Bøtun rett  bak. Begge desse er i klassen 17-18 år, og Sigbjørn vart  klassevinnar med tida 36.51. Han fekk også utmerkinga "Årets idrettsutøvar" i Fresvik.

 

Per Olav  Bøyum  tok andreplassen totalt og vann klasse 35-39 år. Bak kjem James Ratcliffe, klassevinnar 40-44 år og Egil Timberlid frå Kaupanger som vart nr 3 i 17-18 år.

 

Gro Jordalen frå Voss  var suverent beste dame og fekk andre napp i vandrepokalen for beste kvinne. Førstemann her er Hermund Kleppa,  i midten Rune Fromeide.

 

Elin Loftesnes frå Aurland, busett i England, er heime på ferie og tek med seg det som er av løp, sist helg var ho på Fanaraaken. I dag vart det tredjeplass og klassesiger. Kondisredaktøren for Hordaland, som er frå Vik,  kunne ikkje bli slegen av ein aurlending og måtte difor komma seg forbi.

Hermund Kleppa og Herlaug Kvamsøy vart nr 1 i klassar 65-69 og 70-74.

 

Barneløpet samla fleire løparar enn sjølve Mensen Ernst Minneløp, så det lovar godt for rekrutteringa.

 

 

 

 

 

Ruben Bøtun var einaste mann i seniorklassen, det er nokså uvanleg at denne klassen er så liten. Kanskje er litt av grunnen at løpet kolliderte med Skåla opp. Tida vart 38.22.

 

Endre Wold frå Vik vann klasse 13-14 år på 39.52.

Odd Harald Gram frå Vik vann klasse 55-59 på 41.10.

 

Jens Storås frå Fana IL vart nr 2 i klasse 13-14 år.

  

Svein Inge Wold frå Vik har to søner framfor seg på resultatlista og sprang sjølv på 43.32.

 

Vossingen Gro Jordalen (representerer Strindheim Friidrett) ein kilometer før mål. Ho likar denne løypa godt og har vunne løpet tidlegare og.

 

Sverre Høgheim frå Fresvik har mange maratonløp bak seg, med tider ned på 2.38, men no er det langt nok med ti kilometer, meinte han.

 

Foto: Jan Ringheim