Nalic leverte eit sterkt løp under ikkje heilt lette forhold. Vanskelegast forhold var det i den krappe svingen knappe 100m etter start, med litt snø og glatt is. Denne rundinga måtte derfor gjerast med varsemd, og gav nok fort eit tidstap på eit par sekund. Resten av løypa var det stort sett berr veg, men med enkelte snøparti og litt isete her og der. 

Nalic betra bestetida si med to sekund under desse vinterlege tilhøva. I vår deltok han i tre løp og hadde då tidene 6.29, 6.29 og 6.28. Han har trent god i haust og rett over nyttår dreg han på ei månads treningsleir i Kenya saman med svenske landslagsfolk i maraton. Så det vert spennande å sjå kor fort han kan springa karuselløypa utpå våren. Sigeren laurdag var den andre Nalic har på Eikanger. 

På andreplass kom veteranen Svein Glomnes som med 7.02 sette sesongbeste. På tredjeplass kom trimmaren Knut Magne Hauge på 7.08. 14-årige Lasse Nordal kutta nok eit sekund av bestetida si og vart nummer fire med 7.10. 

Raskaste kvinne var for tredje gong denne sesongen Grethe Jørgensen. Ho sprang på 8.57. Amalie Lekva med 9.42 var neste raskaste kvinne.

I alt hadde 61 personar teke turen til Eikanger for å delta i førjulsløpet. Laurdag 7. januar er dei og mange fleire velkomne til nyttårsløp same stad.

 

Vinterkarusell 2011-12, 4. løp.

Eikanger 17. desember 2011

Arr.: Eikanger IL

Skya, ca. 0° C.

Berr veg rundt det meste av løypa.

 

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Mirza Nalic 6.26
2. Svein Glomnes 7.02
3. Knut Magne Hauge 7.08
4. Lasse Nordal 7.10
5. Jarle Torkildsen 7.30
6. Jan Erik Helland 7.35
7. Tore Klanderud 7.44
8. Håvard Glomnes 8.00
9. Trond Austrheim 8.03
10. Atle Austrheim 8.11
11. Idar Hopland 8.16
12. Arvid Hauge 8.25
13. Gunnar A. Larssen 8.49
14. Jan Kårbø 8.54
15. Grethe Jørgensen 8.57
16. Inge Nævdal 9.24
17. Atle Kolbeinsen 9.27
18. Øyvind Kallestad 9.30
19. Olai Nepstad 9.31
20. Are Flekke 9.39
21. Amalie Lekva 9.42
22. Torleif Brørvik 9.49
23. Kristian Skrede 9.50
24. Rannveig Furelid 9.59
25. Terje Eidsnes 9.59
26. Håkon Rongved 10.02
27. Sverre Solberg 10.03
28. Stein Tore Viken 10.32
29. Johannes Slethaug 10.53
30. Harald Hansen 10.58
31. Magnus Elvik 12.12
32. Leiv Eidsnes 12.23
33. Arve Lekva 12.58
34. Sandra Lekva 12.58

 

Utan tid:

May Lis Andersen, Tiril F. Andersen, Anders Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Stanley  Hauge, Marith Haugen, Alf Høyland, Andreas Kallestad, Amalie Kallestad, Vidar Kallestad, Inge Leknes, Sverre Låstad, Malene Låstad Namdal, Emma Låstad Namdal, Sander Låstad Namdal, Kirsten Rongved, Einar Skrede, Eirik Skrede, Aase Midtgaard Skrede, Bente  Solstad, Cato Sperrevik, Grethe Titland, Åge  Toft, Laila Toft

 

I alt 61 deltakarar.

 

Neste løp: Laurdag 7. januar kl. 15.00.

 


Mirza Nalic (startnr. 36) tok teten frå start. Frå venstre: Einar Skrede (37), Leiv Eidsnes (65), Olai Nepstad (7), Lasse Nordal (20), Atle Kolbeinsen (17), Grethe Jørgensen (52) Tore Klanderud (18) og heilt til høgre Knut M. Hauge (68).

Mirza Nalic (startnr. 36) tok teten frå start føre Lasse Nordal (20). Mirza Nalic vann ein klar siger på ny personleg bestetid – 6.26.

Svein Glomnes sprang inn til sesongbeste på 7.02 og andreplass.

Tore Klanderud var raskaste med nisselue, han noterte 7.44 på 7. plass.

Grethe Jørgensen tok 3. sigeren sin i karusellen denne sesongen – no også med nisselue.

10 år gamle Øyvind Kallestad i flott driv sprang i mål på den sterke tida 9.30.

Tekst og foto: Eikanger IL