Dette er den same løypa som mosjonsløpet Holavatnet Rundt. Det er ei kupert løype som går på litt asfalt, litt grusveg og litt terreng i flott landskap i Hosanger. Holavatnet rundt vart også arrangert med 170 deltakarar. Sidan dei mest aktive løparane deltok i stafetten, var det ikkje konkurranseklasse denne gongen, men 170 tok runden rundt vatnet utan tidtaking. Det er imponerande frammøte i dette mosjonsarrangementet. Men så lokkar og vaflar og nydeleg sjokoladekake når ein er i mål. Det er ein ny sjanse kvar veke, og etter to rundar rundt vatnet kan bergensredaktøren berre stadfesta at Osterøy og vakre Hosanger absolutt er verd eit besøk. Resultatliste ![]() Gutelaga klar til start. ![]() Hovding vann klasse jenter 11-18 år på 10.10.8. ![]() Osterøy var einaste lag i klasse jenter 8-12 år og kom i mål på 12.36.3. ![]() Vaksdal vann klasse gutar 11-18 år på 9.47.5. ![]() Osterøy vart nr.2 i klasse Gutar 11-18 år med 9.57.8. ![]() Osterøy, nr. 2 i klasse gutar 8 år. ![]() Brit-Helen Simmenes, Osterøy, hadde god avstand til andrelaget. Vinnartida i dameklassa var 9.48.9. ![]() Bjarte Vik hadde nest siste etappe for Osterøy sitt veteranlag som var raskast av alle. Sluttida var 8.01.9. ![]() Osterøy vart nr. 2 i Menn senior på 8.15.6. Her på 5. etappe ligg Christer Vonheim og ASK bak, men i mål var ASK 3 sekundar før. ![]() Christer Vonheim på nest siste etappe for ASK sitt seniorlag som vann klassen, men hadde nest beste tid totalt, 8.12.2. ![]() Osterøy sitt jentelag 8-12 år ![]() Jenter 11-18 år. Nr 1 Hovding, nr 2 Viking, nr 3 Vaksdal. ![]() Gutar 8-12 år. Nr 1 Osterøy, nr 2 Osterøy, nr 3 Vaksdal. ![]() Gutar 11-18 år: nr 1 Vaksdal, nr 2 Osterøy, nr 3 Viking. ![]() Ask sitt vinnarlag i seniorklassen. Framme frå venstre: Rayner Pedersen og Roald Stamnesfet. Bak: Christer Vonheim, Christer Lohne, Mats Larsen Marøen og Matias Sunde Lavik. Resultatliste Sjå også sidene til Mjøsdalen IL. Foto: Jan Ringheim/Oddny Ringheim |
Artikkelen fortsetter under annonsen