Rekordhaldarane frå i fjor, Anita Håkenstad Evertsen og Jon Tvedt, er i kanonform. Dersom dei set nye rekordar vankar det premiar med verdi på kr 35.000,- til kvar av dei frå Nord-Europas tøffaste motbakkeløp. Odd-Bjørn Hjelmeset vil skyte startskotet laurdag føremiddag. Av kjende deltakarar nemner vi Kristen Skjeldal, Kirsten Melkevik Otterbu, Oddvar Brå, Roger Aa Djupvik og Hans Martin Gjedrem. Mosjonistar kan melde seg på heilt fram til start laurdag morgon. Du kan følge løpet på www.skaala.no . Resultatlister der tidene vil kome inn fortløpande (forutsett at det trådlause breibandet i Skålatårnet fungerer!). NB! Kondis-medlemmer har kr 25 i rabatt på startkontingenten. |
Mot ny deltakarrekord og rekordtider på Skåla Opp
PRESSEMELDING:
Fjorårets arrangement samla 1280 deltakarar. I år er det 1200 førehandspåmelde deltakarar, ein auke på ca 20 %.
Fjorårets arrangement samla 1280 deltakarar. I år er det 1200 førehandspåmelde deltakarar, ein auke på ca 20 %.
Siste medlemssaker
Annonse