Arrangør Ulvik IL med eldsjel Johan Børsheim og Haakon Innset i spissen satsar friskt på å gjere løpet til eit topp nasjonalt løp Dei har ambisjonar allereie etter premiereløpet i år 26. juli å søkje om NM i motbakkeløp 2010 for senior, junior og veteraner. | ||||
Kvasshovden Opp er meir enn politikarNM. Løpet er for alle ! Det er konkurranseklassar for alle over 14 år og mosjonsklasse utan tidtaking. Sjå www.kvasshovdenopp.no for meir info. I konkurranseklassane håpar Ulvik IL på stor og god deltaking i konkurranseklassane med Jon Tvedt og Kristen Skjeldal i spissen. Skjeldal har testa den flotte løypa som iflg arrangør Johan Børsheim også har vore mykje nytta av krinslaget i langrenn når dei har vore på treningssamling i Ulvik. | ||||
Løypelengda og høgdeskilnaden er ikkje så ulik den som damer senior og herrar junior skal springe i VM i motbakkeløp 14. september. 8,4 km med 733 m stigning. Difor er løpet relevant til å kunne vurdere om løparar i desse klassane er gode nok for ein plass på VM-laget. NFIF har åpning for å kunne ta ut to herrar junior til ( i tillegg til Joel Dyrhovden ) og ei dame senior i tillegg til dei tre som er uttekne ( Anita Håkenstad Evertsen, Kirsten Melkevik Otterbu og Ingunn Weltzin). Kvasshovden Opp - løypa er nøye kartlagd: Frå start til mål er dette løpsunderlaget: 1030 meter asfalt 193 meter traktorveg 960 meter asfalt 118 meter dyrka mark 1399 meter driftsveg/traktorveg 3808 meter sti av varierende karakter Total løypelengde 7508 meter For kvar 100 høgdemeter har du sprunge så langt: 100 moh. 1840 meter 200 moh 2450 meter 300 moh. 3200 meter 400 moh. 4380 meter 500 moh. 5010 meter 600 moh. 5600 meter 700 moh. 6100 meter 800 moh. 6600 meter 900 moh. 7033 meter 1030 moh.7508 meter. DU er i mål ! | ||||
| ||||
|
KVASSHOVDEN OPP med NM i motbakkeløp for politikarar !
26. juli blir Kvasshovden Opp i Ulvik arrangert for fyrste gong og det attpåtil med det fyrste NM i motbakkeløp for politikarar. Løypa kryssar m.a. over tunet på garden til venstre-leiar og sauebonde Lars Sponheim som sjølv stiller til start i det 7,5 km lange motbakkeløpet med 1030 meter stigning frå Ulvik sentrum til Kvasshovden.
Siste medlemssaker
Annonse