3 motbakkefjelløp på 3 dagar 19-21. september | ||||
| ||||
Arrangementet i år 19. - 21. september har for arrangøren mest status som eit testløp for å få testa ut løypetraseane og arrangementet før storsatsinga neste år. Arrangøren håpar at minst 25 deltakarar vil bli med allereie i år og fristar både med særs rimeleg hotell-opphald med 50% rabatt på Eidfjord Fjell og Fjordhotel, Tlf 53 66 52 64, www.effh.no, og deltakarpremie til alle ! Startkontingenten for alle 3 løpa tilsaman er kun kr. 250,- For info og påmelding sjå www.xtremeidfjord.no. Ta kontakt med arrangøren Destinasjon Eidfjord (i samarbeid med Hardangervidda triatlonklubb ) ved Kari Øydvin på telefon 90 84 49 03 el. e-mail: kari@visiteidfjord.no | ||||
Alle tre løpa har mål ved Fossli Hotell på toppen av Vøringsfossen | ||||
| ||||
Spektakulært utsyn NED Vøringsfossen for dei som ikkje har høgdeskrekk | ||||
| ||||
1. løp Fredag 19. sept. kl. 17.00: Måbøgaldane - Fossli. | ||||
| ||||
2. løp Laurdag 20. sept. kl. 11.00: Kraftstasjonen i Simadal-Fossli | ||||
| ||||
3. løp. Søndag 21. sept. kl. 11.00. Frå Natursenteret i Øvre Eidfjord til Fossli Hotell | ||||
| ||||
Litt meir praktisk info | ||||
Arrangør Kari Øydvin kari@visiteidfjord.no seier til Kondis.no at ALLE som skal delta må møte opp seinast kl. 16.30 fredag 19. sept. ved Parkeringsplassen ved Måbøgaldane. Det er omlag 15 min køyring opp frå Eidfjord Fjell & Fjordhotell. Her får deltakarane utdelt startnummer og den infoen dei treng for fyrste dagen. I det fyrste løpet treng ikkje deltakarane spinge med sekk. Sekkane blir transportert opp til mål på Fossli Hotell og alle deltakarane får transport ned til start på Parkeringsplassen ved Måbøgaldane etter løpet. Seinare på kvelden samlast alle deltakarane på Eidfjord Fjell & Fjord Hotell www.effh.no, til sosialt samvær og info om dei to neste dagane. Laurdag og søndag må alle springe med sekk som må vege minst 2.5 kg og som skal innehalde rikeleg med varme klede som luve, vottar, hodelykt, vindjakke, kompass/ gps, mobiltelefon.+ minst 0,5 liter drikke . Dette vert kontrollert før start. Sjølv om løypene blir merka så får alle utlevert eit kart over løypa og viktige telefonummer. Arrangøren har fokus på tryggleiken til deltakarane. I testløpet i år blir det truleg kun ein drikkestasjon omlag der løparane kjem opp den lange bratte bakken, ellers må deltakarane klare seg sjølve. Det vert teke mellomtider, ei i kvart løp. Det vil vera personar som vil gå som siste mann, for å forsikra at alle kjem i mål. + ein baktropp til å samla inn merkeutstyr. I skrivande stund har ikkje arrangøren bestemt om det blir jaktstart dei to siste dagane, for det blir nok veldig langt mellom deltakarane den siste dagen. Det beste er nok fellestart kvar dag, men denne avgjerda treng dei ikkje ta før etter 1. løpet. Alle som fullfører vil få ei eksklusiv "FINISHER"-T-skjorte som vil bli laga etter løpet og tilsendt i korrekt storleik til alle deltakarane. Den skal deltakarane vera stolte av, seier Kari Øydvin for det blir sjølvsagt trykt på årstal og det er berre dei som har fullført som vil få den ! I tillegg får raskaste kvinne og mann ei kasse med Hardangereple i TOPP kvalitet ! | ||||
|
3 motbakkefjelløp på 3 dagar 19-21. september
Siste medlemssaker
Annonse