Løpet går gjennom kulturlandskapet langs Osterfjorden, som i dag var kledt i sin vakraste haustdrakt og solskin.  Løpetilhøva var gode, men ein liten vind imot haldt løparane tilbake frå dei aller største tidane i dag.

Først mot mål i Bruvik, og langt framom dei andre kom Mulugeta Zewde Hulensav (Norna-Salhus). Han har tidlegare vist kor sterk han er og endte i dag på sterke 14:53 i den 5046m lange løypa som endar nokre få meter nærare havet enn starten går frå. Etter eit lite minutt kom fleire ung-gutar frå Norna-Salhus, nemleg Gustav Iden (15:51) og Jørgen Tvedt (15:58). Bjarte Vik sjølv (Osterøy) måtte ta til takke med fjerdeplassen på tida 16:09 i dag.

I kvinneklassa var det Elise Vikne frå Osterøy IL som kom klart først. Ho fekk tida 18:09 og var med det akkurat eit minutt føre Marte Hjortland Hundhammer (Norna-Salhus) som kom inn på 19:09. Tredjeplassen tok Anette Fitje (Osterøy) på den flotte tida 20:04.

 
Frå venstre: Anette Fitje (Osterøy) på tredjeplass, Elise Vikne (Osterøy) på første, og Marte H. Hundhammer (Norna-Salhus) på andreplass.


Norna-Salhus tapetserte herrepallen i Bjarte Viks eliteløp. Frå venstre: Gustav Iden, Mulugeta Z. Hulensav og Jørgen Tvedt.

Fleire bilete under resultata.

Resultat kvinner

Nr Navn Resultat Pers Født Deltakelser
1 Elise Vikne 1809 p 1988 3
2 Marte Hjortland Hundhammer 1909 p 1996 1
3 Anette Fitje 2004 p 1969 1
4 Norunn Vik Larsen. 2034   1967 5
5 Cecilie Landro 2044 p 1994 1
6 Marion Vevle 2249 p 1966 1
7 Herdis Helle 2343 p 1973 1
8 Linda Tvedt 2649 p 1972 1
9 Bianca Saraci 2921 p 1998 1
10 Sara Dyrkolbotn 2943 p 2001 1
11 Sylvi Rusås 3002 p 1982 1

Resultat herrar

Nr Navn Resultat Pers Født Deltakelser
1 Mulugeta Zewde Hulensav 1453 p 1987 1
2 Gustav Iden 1551 p 1996 2
3 Jørgen Tvedt 1558 p 1995 2
4 Bjarte Vik 1609   1969 14
5 Jon Ivar Djønne 1642 p 1979 2
6 Christer Vonheim 1654   1979 4
7 Jan Henrik Olsnes 1659 p 1979 1
8 Brigt Strømmen 1659   1959 4
9 Kjetil Dyrvik 1700   1964 9
10 Andreas Tvedt 1707 p 1991 2
11 Dag Haugland 1713 p 1960 1
12 Øystein Hanstveit 1720   1963 8
13 Jan Roar Solberg 1721   1979 6
14 Eirik Aastvedt 1723 p 1995 2
15 Kjetil Monstad 1724 p 1973 1
16 Harald Olsnes 1725   1964 5
17 Ove Bernes 1742   1952 6
18 Christer Sælen 1752 p 1981 1
19 Jarle Torkildsen 1752 p 1971 2
20 Øyvind Bjørsvik 1754 p 1976 1
21 Jørgen Pettersen 1854   1968 2
22 Bjørnar Rødseth Espelid 1855 p 1997 1
23 Tore Hannisdal 1904 p 1969 1
24 Magne Espelid 1917 p 1964 1
25 Petter H Sæbø 1930   1962 6
26 Åsmund Ås Andersen 1931 p 1996 1
27 Glenn Sangolt 1947 p 1971 2
28 Magne Vikne 2001   1954 12
29 Audun Landro 2016 p 1959 1
30 Arne Mjelde 2038   1942 3
31 Idar Fjeldstad 2121 p 2000 2
32 Christer Aastvedt 2147 p 1971 1
33 Simen Øksnes 2155 p 2000 1
34 Bjørn Arne Mo 2204   1952 2
35 Arve Henningsen 2223   1972 2
36 Torbjørn Johannessen 2247 p 1992 1
37 Geir Atle Mjelde 2249   1961 6
38 Geir Myrvold 2259 p 1965 1
39 Ivar Monstad 2548 p 1999 1
40 Krister Dyrkolbotn 2549 p 2000 1
41 Sebastian Bjørsvik 2953 p 2005 1



Nokre minutt før start i Vik.


Dag Haugland (med ryggen til) gjer siste del av oppvarminga til dette for han korte løpet. Christer Vonheim (Ask) konsentrert før start.


Rett ved målområdet er næraste nabo engasjert med vaffelsteiking og sal av andre godsaker.  


For oss som kjennar han er det inga overrasking at det er Mulugeta som dukkar først opp bakom træra mot Bruvik.


Nestemann er Gustav Iden, som kjem seg fint under 16-talet. Rett bak kom Jørgen Tvedt, også med ei tid under 16. Fint såpass seint i sesongen. No er det ein liten vinterpause før elevane på idrettslinja på Tertnes vidaregåande.


Bjarte Vik må strekke våpen for dei raske unggutane frå Norna-Salhus. Det må vel vere greit for ein som har passert 40.


Jon Ivar Djønne (IL Fri) er ein mann som har det med å overraske i dei løpa han stillar opp i. Her tek han ein flott 5.plass med den knallsterke tida 16:42.


Christer Vonheim (Ask) må slita for å halde unna for Kjetil Dyregrov frå Voss. Innsatsen er det i alle fall ingenting å seie på. I mål endar dei på hhv 16:54 og 17:00.


Rett bak kjem Jan Henrik Olsnes og Brigt Strømmen (begge Il Fri). Dei klarar begge å ta att Kjetil og knip seg inn på delt 7. plass med 16:59. Bak Jan Henrik og Brigt skimtar vi Andreas Tvedt og Dag Haugland.


Nr 194 er Øystein Hanstveit frå Mjøsdalen Il som kom inn på tida 17:20. Nr 463 er Kjetil Monstad, 17:24. Nr 196 er Harald Olsnes som spring i mål på 17:25.


Elise spring mot mål som første kvinne til bygda ho kjem frå. Sesongen er stort sett over fortel ho, men vi håpar å sjå ho i mellom anna løpa til Blåmanen som byrjar i Bergen allereie neste helg.


Magne Espelid på veg mot mål med tida 19:17. Fin tid i sin første deltaking.


Glenn Sangolt gjev tommelen opp, vi anar ikkje for kva (det er så mykje å vele blant), men så lenge humøret er godt er allting godt. Sangolt kjem i mål med tida 19:47, som er ny personleg rekord.


Anette Fitje (Osterøy) steger ut i det som skal bli tredjeplass for kvinner med tida 20:04. Fint å hamne på pallen i si første deltaking. Rett føre henne i biletet ser vi Magne Vikne, som har vore med i heile 12 av dei fjorten løpa.


Spreke Marte H. Hundhammer tok andreplassen. Marte ønskjer å satse på triatlon framover.


Etter vaksenløpet var det barneløp, premieutdeling, premieutdeling på startnummer, og utdeling av premie for Bruviktrimmen. Mykje som skjer på same tid altså.


Både undertegnede og deltakande Kondis-reportar Jørgen Pettersen er samd i at det var ein flott dag i ei flott del av Hordaland.


Vi avsluttar reportasjen med eit lite naturbilete frå Vik. Takk til arrangør for eit vel gjennomført arrangement.