PRESSEMELDING

NECON motbakkecup er Norsk Friidrett sin offisielle norgescup i motbakkeløping. Dei utvalgte løpa i NECON motbakkecup 2014 og NM dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapa som EM og VM. I år er m.a. VM i motbakkeløping i Italia  http://www.wmrc2014.com/en/ den 14. september årets store høgdepunkt.

Årets cup består av;

Løp nr. Dato Arrangement Distanse Stigning Arrangør Stad
1 29.mai Løvstakken Opp 2,1 km 400 m /19% Varegg IL Bergen, Hordaland
2 14.juni Hovlandsnuten Opp (NM) 5,9 km 910 m / 15,4% IL Ny Von Sauda, Rogaland
3 21.juni Molden Opp 7 km 1116 m / 15,9%& IL Bjørn Marifjørå, Sogn og Fjordane
4 19.juli Kvasshovden Opp 7,5 km 1030 m / 13,7% Ulvik IL Ulvik, Hordaland
5 2.august Storsylen Opp 11,0 km 1000 m / 9,1% Tydal IL ski Tydal, Sør-Trøndelag
6 23.august Hilleknuten 1209 4,7 km 640 m / 13,6% Gjesdal IL & Nordsjørittet Sirdal, Vest-Agder
Deltakarane samlar poeng basert på resultata i kvart løp. For kvar deltakar vil fem av dei seks arrangementa telje i poengsamandraget. 
 
Deltakarane kjempar om ein premiepott på totalt 80 000,- Ei eiga resultatliste og premiering gjeld for juniorane.
 
Første løp i årets cup er Løvstakken Opp i Bergen den 29.mai. Fjorårsvinnarane i cupen, Kirsten Maraton Melkevik og Torstein Tengsareid er begge påmeldt og møter hard motstand frå fleire utfordrarar, m.a. May-Britt Buer & Johan Bugge (årets Norgesmeister i terrengløp - kort løype) & mange andre. 
 
Oppdatert poengoversikt er tilgjengelig på motbakkecup.no  etter kvart arrangement. 

Se også:
Egen artikkel på Hordalandssidene: Løvstakken Opp på torsdag
Finaleløpet i Motbakkecupen i 2013: Våt finale i motbakkecupen
Ifjor ble det to løyperekorder i Løvstakken: Sommer under Løvstakken Opp