Rita Gjerde og Monica Skogvoll sprang i lag i den fire kilometer lange løypa, og kom inn på tida 21,39. Rita vann hovedpremien med verdi kr. 500,- Det var eit gåvekort til bruk på Mo Sport. Alvhild Tveitnes vann den tøffe t-skjorta med vinterkarusellmotiv. Posar med refleks, energidrikke o.l. vart vunne av Kjell Egil Berge og Einar Opsanger.

Familien Kveberg Opsanger var på plass med både Einar, Torill og Vebjørn. Den unge Vebjørn hadde kun Frida Berge, Ove Måge og John Olav Måge føre seg i mål. Ein annan ung løpar er Eline Sandnes Fosse, som kom inn på tida 17,05 og var raskast av alle jentene. Mykje god mosjon vart på alle, og kjekt var det som alltid.

Ein ny deltakar var det også denne kvelden. Mikal Børsheim er heime frå Hamar på vinterferie. Han kom inn på den gode tida 16,45. Neste løp vert 12. mars. Det vert det siste og åttande løpet denne karusellsesongen. Etter løpet vert det avslutning og premieutdeling i kantina på skulen. Vel møtt!

Rapport v/Johannes Børsheim, Strandebarm IL

Resultater: Strandebarm vinterkarusell, 7. løp

Lars Måge hadde dottera Amalie på skuldrene. Her er han fotografert i målområdet.

Vebjørn Kveberg Opsanger har delteke på alle løpa i Vinterkarusellen denne sesongen, og gjorde eit nytt flott løp denne tysdagskvelden.