Langt vanskelegare er det å spå kven som vil ta dei to siste medaljane. Kirsten Melkevik Otterbu bør ha gode sjansar til å kopiere sølvet frå i fjor, men maratonløparen vil venteleg få sterk konkurranse frå kjappare jenter som Ingvill Måkestad, Hanne Lyngstad og Ragnhild Kvarberg. Sistnemnde har rett nok sliti mykje med sjukdom i vinter og terreng-NM kjem nok i tidlegaste laget for jenta som vann terreng-NM på Kalvøya for to år sidan og på Osterøy for fire år sidan. Ei anna Vidar-jente, Runa Bostad, ville òg normalt vori medaljekandidat, men ho stiller ikkje på grunn av ein skade i hælen og må overlate ansvaret til dei ni andre klubbvenninnene.

Sia NM terrengløp for mange er den første konkurransen for sesongen, vil det vera rom for mange overraskingar. Men om nokon skulle springe frå Susanne Wigene, ville det vera ei oddsbombe av dei sjeldne. Gledeleg er det å registrere at nærare 30 jenter - og så å seie alle dei beste - er påmeldt.

 
Startliste kvinner senior 2 km

Sharon Broadwell, 1961 Vidar
Gunnhild Berntsen, 1976 Vidar
Tone Ilstad Hjalmarsen, 1985 Vidar
Runa Bostad, 1969 Vidar
Jessica Gunnarson, 1976 Vidar
Fride Vullum, 1976 Vidar
Julia Andersen, 1982 Vidar
Anette Johnsen Hundere, 1972 Vidar
Ragnhild Kvarberg Vidar
Christina Bus Holth, 1980 Vidar
Maria Ekman, 1981 Ås IL
Ingvill H. Måkestad IL Korlevoll-Odda
Susanne Wigene, 1978 TK Tjalve
Hanne Lyngstad, 1975 TK Tjalve
Ida Monn Birkhaug, 1984 TK Tjalve
Sigrid Sundquist Torp Ålesund FIK
Rut Appelkvist Steinkjer Friidrettsklubb
Kirsten Melkevik Otterbu BFG Fana
Vigdis Holst, 1969 GTI
Signe Ragnhild Andreassen, 1975 GTI
Kari-Anne Myhre, 1986 Verdal Friidrettsklubb
Marianne Opsahl, 1973 Ullensaker/Kisa IL
Ida Kjelkenes, 1986 IL Gular
Malinn Ødegård, 1986 IL Gular
Ingvild Berg Saksvik, 1982 IL Gular
Julie Kristin Ness Gloppen FIL
Kristin Roset Gloppen FIL
Brit-Helen Simmenes, 1975 Osterøy IL
Eli Lunde Simmenes, 1973 Osterøy IL

Kvinner junior


I juniorklassen peikar det seg ut eit par-tre medaljekandidatar. Etter triumfane i innandørs-NM må Kristine Eikrem Engeset finne seg i å vera gullfavoritt, men ho skal passe godt på Karoline Bjerkeli Grøvdal som er ein sluggar i terrengløp, og som i fjor haust tok sølvmedalje i nordisk meisterskap i terrengløp. Synd at ikkje gullvinnaren derifrå, Ingunn Opsal, er med no.

Miriam Berg Hovda har òg vist god form i vinter og kan kapre ein medalje. Heimefavoritten Martine Eikemo Borge blir det òg spennande å følgje. Bergens-jenta har farta som skal til for å springe ein god 2 kilometer. Heller ikkje Silje Fjørtoft frå Ørsta skal ein avskrive som medaljekandidat. I fjor sprang ho omtrent likt med Kristine Eikrem Engeset, men så langt har det ikkje sett ut som ho har hatt den same framgangen gjennom vinteren.

Alt i alt er 14 juniorjenter påmeldt. Heile 11 av dei kjem frå Vestlandet.
 
Startliste kvinner junior 2 km

Kristine Eikrem Engeset, 1988 Tingvoll FIK
Katrine Owren, 1988 Sandnes IL
Karoline Bjerkeli Grøvdal, 1990 Isfjorden IL
Kristin Brøndbo, 1988 Steinkjer Friidrettsklubb
Martine Eikemo Borge BFG Fana
Agnete Nummedal, 1990 BFG Fana
Ingvild Kaldahl Bottenvik, 1990 Bryne Friidrettsklubb
Julie Haabeth 1988 Fredrikstad IF
Silje Fjørtoft, 1987 Ørsta IL, friidrett
Miriam Berg Hovda, 1988 Haugesund IL
Rikke Johannessen, 1988 IL Gular
Natalie Sæterstøl, 1988 IL Gular
Tonje Straume, 1989 IL Gular
Ingeborg Lind, 1990 Askim IF Friidrett

Det er òg lagt inn veteranmeisterskap, men dette blir litt parodisk både fordi deltakinga er skral og fordi løparane må velje om dei vil springe i senior- eller i veteranklassen. Dermed vil det truleg bli utdelt gullmedaljar til løparar som i samløp er vorti fråsprungi av like gamle konkurrentar. Slik mister medaljane sin verdi, og heile veteranmeisterskapen blir devaluert.

Heimesida til NM terrengløp

Reportasje på kondis.no frå NM terrengløp kort løype i fjor

Prognose for helgeværet i Bergen i Bergens Tidende