1500 m-spesialisten Odd Morten Brekke vil bli vanskeleg å slå om han klarer tempoet undervegs. Morten Velde har hatt ei veldig fin utviklig dei siste par åra, og i vinter vart han norsk meister på 3000 m innandørs. Da stilte verken Brekke eller Sylta, og generelt er feltet mykje sterkare no enn det det var i Stangehallen i februar. Tittelforsvararen, Bård Kvalheim, er påmeldt, men stiller ikkje. I tillegg til han og Marius Bakken manglar fleire av dei sterkaste langdistanseløparane som spring maraton i London. Det gjeld Karl Johan Rasmussen, Henrik Sandstad, Trond Idland og Henrik Grøseth. Men gledeleg er det likevel at heile 56 er påmeldt i menn senior i Bergen. Og det er mange av dei som på ein god dag kan vera med å kjempe heilt i teten. Arrangørklubben Gular mønstrar mest eit heilt Holmenkollstafettlag - 13 løparar - og Lars Røttingen, Terje Aggvin og Asbjørn Høyem Amundsen er menn å rekne med. For Gular sin store stjerne, Ådne Svahn Dæhlin, blir nok 3 km i lengste laget. Ein annan lokal favoritt er Kjetil Foss Angeltveit frå Norna Salhus. Men skal han vera med til slutt, må han nok ha ei meir edrueleg opning enn den han hadde i lang-NM på Jessheim sist haust. Spennande blir det òg å føgje unggutane Joachim Brøndbo og Thomas Stave Gabrielsen. For Stave Gabrielsen er nok 3 km i kortaste laget, og Brøndbo er litt for ustabil til å vera klar medaljekandidat. Andre menn å rekne med er Vidar-duoen Ørjan Lunde og Svein Inge Buhaug, Tjalve-tospannet Jon Andre Preststulen og Jan Christian Kaltenborn, Skjalg-løparen Daabayaa Badhaso og Ås-ekspressen Håvard Solberg. Eit lite kryss i margen også for Heimdals-guten Birger Dragsten. Men sia dette for svært mange er første konkurransen, så er rommet for overraskingar stort. Somme kan ha heva seg mange hakk i løpet av vinteren, og andre kan ha hatt motset formutvikling. Det er nettopp det som gjer ein slik sesongpremiere så spennande.
Menn junior Dei to største favorittane - Joachim Brøndbo og Thomas Stave Gabrielsen - har rykka opp i seniorklassen. Dermed skulle det vera fritt fram for Sindre Buraas, dersom han har fått "fart på fotan" etter ein lang skisesong. Men det er gutar i det 41 mann store feltet som heilt klart kan gi den allsidige Hurdal-løparen kamp. Supertalentet Jonas Legernes, berre 15 år gammal, kan vera ein av dei. Haugesundsgeriljaen ved Bjørge-brørne og Simon Dybdahl vil neppe gi seg utan kamp. Magnus Sveen, Eivind Jensen og ganske sikkert somme av dei åtte frå arrangørklubben Gular kan også blande seg inn. Rommet for overraskingar er stort også her.
Det er òg lagt inn veteranmeisterskap, og i herreklassen er deltakinga såpass at ikkje alle er sikra medalje. Likevel blir det litt parodisk fordi løparane på førehand må velje om dei vil springe i senior- eller i veteranklassen. Dermed vil det truleg bli utdelt gullmedaljar til løparar som har sprunge seinare enn like gamle konkurrentar som har vald å stille i seniorklassen. Slik mister medaljane sin verdi, og heile veteranmeisterskapen blir devaluert. Heimesida til NM terrengløp Reportasje på kondis.no frå NM terrengløp kort løype i fjor Prognose for helgeværet i Bergen i Bergens Tidende |
NM terrengløp - svært ope i herreklassen
Heller ikkje i herreklassen stiller løparen som ville vori den store favoritten, Marius Bakken. Det gjer at kampen om både gullet og dei andre medaljane er svært open. Men om ein skal trekke fram gullkandidatar, er det vanskeleg å sjå bort frå følgjande trio: Odd Morten Brekke, Øystein Sylta og Morten Velde. Kanskje er Øystein Sylta (biletet), som tok sølv i nordisk meisterskap i terrengløp sist haust, den aller største favoritten.
Siste medlemssaker
Annonse