Nordmenn dominerte Giro delle Dolomiti
Camilla Hott Johansen frå Ullensaker CK var beste kvinne i etapperittet Giro delle Dolomiti i Nord-Italia. Det norske laget vann i tillegg fyrstepremie i den store lagtevlinga. Rittet gjekk i månadsskiftet juli-august.
Av Torodd Lybeck
- Dette var kjempeartig, sa Camilla då sigeren var eit faktum. Ho låg på andreplass etter tyske Fiona Neumann gjennom dei fire fyrste etappane, men etter femte etappe tok Camilla over føringa i dameklassen. Den tok ho godt vare på også gjennom den sjette og siste etappen. 1 minutt og 19 sekund skilde dei to i samandraget.
Dette var fyrste gongen Camilla Hott Johansen var med i dette tradisjonsrike turrittet i Dolomittene, og ho visste lite på førehand om nivået. Ikkje hadde ho trena spesielt med tanke på alle dei tøffe bakkane heller.
- Dette tok vi fyrst og fremst som ferie, sa ho etter rittet. Sambuar Erlend Gundersen frå Bærum OC gjorde det også skarpt. Han kom på 14. plass totalt og var klart best av dei norske mennene. Både Camilla og Erlend er allsidige idrettsutøvarar som både driv med løping og langrenn ved sida av syklinga. Det er ingen ulempe i dette rittet der det fyrst og fremst er klatreeigenskapane som blir sette på prøve.
- Eg er så imponert over det eg har vore med på desse dagane, sa Erlend då veka var omme. - Dette er rett og slett det flottaste eg nokon gong har vore med på, sa han.
Og han har vore med på mykje. I 1997 var han med og sette ny rekord frå Nordkapp til Lindesnes på sykkel, og både han og Camilla har vunne klassa si i Birkebeinerrittet.
Oppdaga av valdrisar
Giro delle Dolmiti gjekk i år for 27. gong. Dei seks etappane går over ei veke, med ein kviledag etter tredje etappe. Distansane varierer frå 9 til 16 mil, men det er berre ei kort strekke kvar dag med tidtaking. I år var lengste tidtakinga 14 km lang og den kortaste 3 km, men stort sett berre i motbakkar. Neste år er Stelvio-passet med, og der går tidtakinga over 27 km, frå 913 moh. til 2758! Høgaste passet i år var på 2239 moh. I alt sykla vi over seks pass som var høgare enn 2000 m, ofte med nærmare tusen meters nedstigning før neste pass! Fem av dagane var start og innkomst lagt til Bolzano, 266 moh., medan ein etappe starta i Predazzo, 1018 moh.
Det var Thora og Gunnar Hannås frå Fagernes som oppdaga dette rittet i si tid. Gunnar var med som fyrste nordmann i 1990 og har i alt vore med åtte gonger. Thora har også vore med fleire gonger. Men det var fyrst då ein annan valdris, Jarle Buczek frå Leira, tipsa Stig Lundsør om rittet rundt 1996 at det vart fart på den norske deltakinga. Både i fjor og i år var vi så mange norske at vi vann det store lagtrofeet. Det er ei innvikla poengberekning som ligg til grunn for kven som får dette, men i hovudsak går det til den klubben som har flest deltakarar med på så mange som mogleg av etappane.
Dei siste åra har Stig Lundsør fungert som reiseleiar og samordna den norske deltakinga i rittet. I år var dei fleste norske deltakarane påmeldt gjennom Horten-klubben Alliance CK. Heile 77 nordmenn var med i alt.
Les hele artikkelen i KONDIS!
Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende
Septembernummeret 2003
ÅRGANG 2003
KONDISARKIVET
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!

Siste medlemssaker
Annonse