Med andre ord: To store arrangement i juli for ei lita bygd med litt over 1200 innbyggjarar i kommunen. Litt imponerande når ein tenkjer på alle funksjonærane som stiller på år etter år. Hornindalsvatnet maraton blir i år arrangert for 22. gong.

Løypekart

Løparinformasjon

Terminlista løpsinformasjon
Vi gjer merksam på at i år vert det etterpåmeldingsgebyr på kr 100 (kr 50 for minimaraton)

PÅMELDE: (blir fortløpande oppdatert for kvar dag)
Maraton
Halvmaraton
10 km
Minimaraton

Sjølv om første fristen er ute er det enno råd for etternølarar, men det er absolutt ein fordel at påmeldingane kjem så snart som råd er.

Fredag er det henting av startnummer og etterpåmelding (19.00-21.00)  på Raftevolds Hotel

Laurdag er det henting av startnummer og etterpåmelding i Honndalshallen på Hornindal Idrettspark frå kl 08.30

Samleside for Hornindalsvatnet maraton.

Tilleggsopplysningar: Ved Kjøsahammaren ca. 5,5 km før mål har det gått eit lite steinras. Dette må løparane springe over, men tidstapet er maks 5 sekund. På grunnlag av dette arbeider vi med å få lagt om løypa for seinare år.
Dei to siste åra har vi ikkje hatt tilgang til GARDEROBE. No er den nye flotte HONNDALSHALLEN ferdig (ved Hornindal Idrettspark).

Helge_Hafsaas_intro

Helge vann maratondistansen også i fjor.....for sekstande gong i tillegg til to sigrar på halvmaraton dei to første åra. På dette arrangementet har han såleis kun tapt tre gonger.

Dorte_Foss_premie

Dorte Foss var så "frekk" i fjor at ho forbetra løyperekorden med 12 sekund. Pass på: I år kjem ho igjen !!!

Baard_Roedde

Bård Rødde sykla Trondheim-Oslo for 40. gong i år. I Hornindal har han også fått startnr. 40

Reportasje 2012