Maryna og Ole igjen!
Maryna Novik frå arrangørklubben IF Klypetussen vann Trongjo Ned fredag 12. april på ny løyperekord 6.44 min. Då slo ho den gamle rekorden til ein så god løpar som Siv Merete Bø, Haugesund IL med heile 21 sekund!

Ole Rullestad, IL Korlevoll-Odda vann herreklassen på 6.42. Det er berre 13 sekund bak rekorden til Gunnar Årvik, Rosendal Turn & IL. Ole skal forøvrig vera med i Røldal Ned/Opp på sundag. Pass deg Petter Northug!

Kr 20.- i startkontingent - kr 600.- i premie.
Begge vinnarane får kr 300.- plusss HardangerBestikk i premie. For Maryna, som sette løyperekord vart det plussa på med kr 300.- til. Ikkje så verst når startkontingenten er kr 20.-. Dette er likt anten ein går i trimklassen eller løper på tid. 

Lite løp med stor deltaking
Trongjo Ned er eit av løpa i Klypetuss-karusellen. Rett nok har arrangøren IF Klypetussen satsa ein del meir på PR og premiar, men det er i utgangspunktet  eit lite lokalt løp. Men 67 deltakarar er slett ikkje verst - tredje mest sidan starten i 1983.

Bilete og resultatlister kjem sannsynlegvis i morgon laurdag.

Neste løp i karusellen er "Bjørkeklubben Over" onsdag 24. april. Det er hjulmålt til 1269 m. Det er stor sett flatt men med ein "Klubb" midt i løypa.  Då blir det premieutdeling og sal av god mat på ungdomshuset på Frette, like ved mållinja.