Gaute Kvåle frå Røldal IL og Team Elon Vest stakk av med sigeren i herreklassa, medan Nora Sannes Kjelsås IL og Team Elon Oslofjord stakk av med sigeren i kvinneklassa.  

Yr melde på førehand om sterk vind på Haukelifjell, og arrangøren og juryen bestemte derfor å gjennomføre to rundar av den austlegaste delen av traseen. Rennet blei dermed like langt som vanleg, men i ei litt ana utgåve. Takka vere ein løysingsorientert og handlekraftig funksjonærstab blei det gjennomført eit fullverdig turrenn i nydelege omgjevnadar til tross for vind på toppane.  

På startstreken sto eit sterkt startfelt. Særleg kvinneklassa viste seg å by på hard konkurranse. Den ferske noregsmeisteren Sofie Nordsveen Hustad frå Kjelsås IL utfordra Nora Sannes heilt til målstreken, og melde om deltaking også i åra framover. Karoline Simpson-Larsen frå Vargar IL og Team Elon Vest kom i mål til ein sterk tredjeplass.

kvinner 11-14-12.jpgBlide kvinner klare til start. Karoline Simpson-Larsen (BIB 11), vinnaren Nora Sannes (BIB 14) og Julie Bjervig Drivenes (BIB 12). (Foto: Haukelirennet)

Også på herresida baud sterke løparar opp til konkurranse. Tett etter vinnaren Gaute Kvåle kom Mathias Holbæk frå IL Vinbjart og Team Elon Vest. På tredjeplass kom Sivert Wiig frå Gjesdal IL og Team Elon Vest.  

vinnerintervjuer-herrer.jpgGaute Kvåle intervjuast av speaker etter sigeren. Mathias Holbæk (t.h.) tok andreplassen. (Foto: Haukelirennet)

Også blant ungdommane var det sterke løparar. I den 12 kilometer lange løypa var det Torbjørn Grindheim frå Otra IL som var raksaste mann, medan Celina Enes-Seberg Hovden Sportsklubb var raskaste kvinne. Det var også mange blide barn og trimmarar å sjå i løypene.  

barneskirenn.jpg
Draumeforhold når starten går for barnerennet. (Foto: Haukelirennet)

blid-gjeng.jpg
​Ein blid gjeng deltakarar i årets Haukelirenn. (Foto: Haukelirennet)
 

Arrangøren takkar alle deltakarar, funksjonærar og sponsorar for innsatsen. Me gler oss til neste år!

10 beste menn

Plass BIB Navn Klubb Klasse Tid Bak
1 4 Gaute Kvåle Røldal IL / Team Elon Vest M26-30 1:41:03.7 0:00.0
2 5 Mathias Holbæk Il Vindbjart / Team Elon Vest M21-25 1:41:06.7 0:03.0
3 7 Sivert Wiig Gjesdal IL / Team Elon Vest M26-30 1:43:03.3 1:59.6
4 9 Karsten Andre Vestad Molde og Omegn IF / Team Elon Midt-Norge M21-25 1:45:10.8 4:07.1
5 22 Magnus Lian AARRESTAD Gronntrening M26-30 1:45:48.9 4:45.2
6 6 Jon Rolf Skamo Hope Hyen IL M26-30 1:46:12.7 5:09.0
7 10 Aron Åkre Rysstad Valle IL / Team Elon Vest M21-25 1:48:02.1 6:58.4
8 8 Sondre Skomedal Ramse Otra IL / Team Elon Vest M26-30 1:49:16.6 8:12.9
9 2 David THORVIK Kjelsås IL / Team Elon Oslofjord M21-25 1:52:15.4 11:11.7
10 17 Lars Aasheim Svaland Birkenes IL M26-30 1:52:29.2 11:25.5


10 beste kvinner

Plass BIB Navn Klubb Klasse Tid Bak
1 14 Nora Sanness Kjelsås IL / Team Elon Oslofjord K21-25 1:50:05.2 0:00.0
2 13 Sofie Nordsveen HUSTAD Kjelsås IL K26-30 1:51:45.1 1:39.9
3 11 Karoline Simpson-Larsen Vargar IL / Team Elon Vest K26-30 1:56:17.8 6:12.6
4 16 Sigrid Leseth Føyen Kjelsås IL K21-25 1:57:27.9 7:22.7
5 128 Emilie Enes-Seberg Hovden Sportsklubb K17-18 2:11:42.4 21:37.2
6 107 Gunhild Kvålseth Morgedal IL K21-25 2:15:09.0 25:03.8
7 77 Vårinn Hagen IL Korlevoll - Odda K17-18 2:19:06.0 29:00.8
8 125 Karoline Kvalvåg Hetlelid Hjelmeland idrettslag - ski K17-18 2:28:37.9 38:32.7
9 46 Anja Elise Lid Høydalsmo IL K36-40 2:34:04.2 43:59.0
10 130 Ingrid Andersen twr Lundmarks K31-35 2:35:43.8 45:38.6


Se alle resultater her