Gullspretten er eit heilt nytt motbakkeløp i Bergen. Datoen er 17. august og fjellet er det høgaste innanfor Bergens kommunegrenser: Gullfjellet. Toppen her ligg 987 meter over havet, men starten går frå Gullbotn på 237 moh. Imellom desse punkta møter deltakarane 750 bratte høgdemeter, med passering av ei varderekkje som vitnar om det her har det ferdast folk i lang tid.
Det har tidlegare vore eit motbakkeløp til Gullfjellet, men dette gjekk opp frå den andre sida, ved Redningshytten. Gullspretten startar altså frå Gullbotn, ved hoppbakken.
Les mer om Gullspretten
Video fra løypetraseen

