For Råskinnet er ei opplevning og ei utfordring utanom det vanlege. Eit møte med naturen og seg sjølv som ein ikkje opplever til kvardags. Over bekkjer, gjennom myrer og denne gongen opp den fleire kilometer lange Vettakollbakken, heilt opp til Fuglemyra. Før det bars like bratt nedover att - og opp igjen, og ned og opp igjen... Til sist, som alltid, over Sognsvannsbekken som i år var minst like djup som vanleg, etter alt regnet tidlegare i veka.

Resultata - namn og tal - kan du lesa hos emit.

Her kan du sjå nokre bilete og lesa ord som iallfall fortel litt om opplevinga.
Konsentrerte Råtassar over bekken
   
 
I Råskinnet er det eiga løype for både dei aller minste, Knøttetassane, og dei ikkje fullt så små, Råtassane. Her ser vi somme frå siste kategori ta seg over Sognsvannsbekken ikkje lenge etter starten.
Da Råtassane gjekk på vatnet
   
 
Og på andre sida av bekken var det vatn, meir vatn, og det heitte Sognsvann. Jauvisst måtte dei uti der óg.
Tore ikkje heilt på sporet Amundøy
   
 
Eitt er å halde hovudet kaldt, noko anna å halde det over vatnet, ikkje minst når ein har sprungi 8 km, ligg på ein fin åttandeplass og skal feire gebursdag dagen etterpå. Men Tore Amundøy tok seg pent til land, og sprang mot mål like raudkledd som 1. mai-fana på Youngstorget.
Den sterkaste bukken Bakken takla bekken
   
 
Som junior deltok Knut Bakken i VM terrengløp for fedrelandet. Denne dagen sprang han ikkje i retning Frognersetra for verken å bli feit eller ikkje-feit, men for å bryne seg sjølv på bekkjer og bakkar. Og det som var av troll vart skremt. Bakken flaut fint til mål på tolvteplass.
Vinnarar utan orienteringsvanskar
   
 
O-løparar har brukt å gjera det bra i Råskinnet, og det er ikkje så rart sia store deler av løypa går utafor både stiar og vegar. Gode til å finne fram er dei óg. Truleg var nett det litt av forklaringa på at Holger Hott Johansen var mest fire minutt framføre nummer to. Hovudfeltet sprang noko feil og fekk ein omkrok. Men sigeren ville uansett ikkje vorti truga. Det var heller ikkje Hilde Slørdahl Conradi sin sjøl om ho ikkje vann med meir enn halvminuttet.
Sveen junior i storform
   
 
Ready, som arrangerer Råskinnet, har hatt fleire storløparar med etternamn Sveen. Halvor og Olav var to av dei som i sine glansdagar førte vestkantklubben til mang ei strålande plassering i Holmenkollstafetten. Magnus Sveen er son til Olav, og 16-åringen var best i si klasse og nummer ti totalt.
Sharon - tøffare og konkurransegladare enn Erna
   
 
Medan ein del av dei politikarane som ikkje tek det så nøye med 1. mai-feringa, er mest opptekne av å konkurranseutsetje andre, konkurranseutset Sharon Broadwell seg sjølv. Ho var vori gjennom litt av ei veke: Laurdag: NM terreng individuelt, sundag: NM terreng stafett, onsdag: Fjellhamarstafett, laurdag: Råskinnet. Og kjenner vi henne rett, avluttar ho veka med å springe Sentrumsløpet. Sharon spring dessutan fort. I Råskinnet vann ho klasse 40-44 år og vart nummer to totalt, berre halvminuttet frå sigeren.

Og slik kunne vi ha skrivi ei lita soge om kvar av dei over sjuhundre som sprang Råskinnet. Dei er eit bilete og ei forteljing verdt alle saman. Sjå dei for dykk, der dei fer av stad, som kyrne når dei blir sleppt ut om våren. Har ikkje tid til å smake på graset. Kroppen må luftast, føtene danse. Framover, oppover, stangast.