Oddamila, 26. september
Il Korlevoll feira 50 år med Oddamila
Kjempeløp av ung røldøl!
Oddamila vart laurdag 26. september skipa til for 32. gong. Kondis sin distriktskontakt for Hardanger og Sunnhordland har vore med 14 gonger og har ein viss peiling på historia frå løpet starta i Hilldal, langs vakre Sandvinsvatnet og gjekk i mål på Odda Stadion. No er løpet flytt ned i sentrum; med start og mål midt i sentrum.
Gode resultat i godt arrangement
Gaute Kvåle, Røldal IL spring i klasse 12 -14 år og løp 10 km i Oddamila på 34.27. Heilt utruleg talent! Løypa er relativt tung med tre kraftige motbakkar og fleire kryssingar av hovudvegen. Når me ser på vinnartida til Johnny Kibsgård frå Haugesund IL på 32.18 så held løypa truleg nokså rett lengde. Johnny Kibsgård er ein god løpar. På siste del av løya inn mot mål var det i tillegg ein lei vind imot.
Av andre gode resultat legg ein merke til Elise Kvåle frå Røldal IL på 45.59 i jenter 12 14 år, Håvard Kvåle frå Røldal IL i same klasse for gutar med 41.29, Odd Ivar Medhus, Røldal IL i yngste veteranklasse med 34.07, føre Hans Øyvind Haugeli, Sportsklubben Fonna på 39.40. Lars Kvåle, Røldal IL vann menn veteran 40 -44 år med 36.57. Eli Børve, IL Korlevoll vann kvinner senior på brukbare 45.23.
Randi Oppheim var best av alle jentene med 40.34. På andreplass på god tid, 41.17 kom Kjersti Fresvik. Eit ukjent blad for Kondis sin distriktskontakt. Begge spring i jenter 17 -18 år og er lovande langdistanseløparar.
Elles er det tydeleg at det arbeidast godt i Røldal IL. Dei har mange utøvarar med kvalitet i tillegg til ein solid breidde.
Bra deltaking, men plass til fleire
I alt starta 48 vaksne og heile 62 born. Ein del trimmarar var det også. Det var arrangøren vel nøgde med, men Kondis sin heldige deltakar meiner det er altfor beskjeden målsetting. I ein så stor by som Odda bør det vera mogeleg og få fleire hundre deltakarar. Først av alt må det forbetringar på PR-sida. Underskrivne fekk tilfeldigvis greie på at det var Oddamila denne helga. Ikkje stod det i Kondis og heller ikkje i terminlista til Hordaland Friidrettskrets. Ein annonse i Hardanger Folkeblad var det rett nok, men den dekker ikkje det store omland.
Eit anna minus var elendig løypemerking. Nokre kilometermerke såg me ikkje, og andre var det to av med 3- 400 m skilnad. For ein som underskrivne som spring tjue minutt bak personleg rekord betyr det ikkje så mykje, men det er ikkje god reklame for løpet.
Plussar: Deltakarane vart møtt av hyggelege og venlege arrangørar. Det var flott atmosfære i målområdet og med dyktig speaker. Forretningsstanden i Odda hadde vore rause med premiar som vart trekte på startnummer. (Det vakte latter då den nokså skalla kondisrepresentanten vann hårpleiemidlar). Det var også rikeleg med vakter i den delvis kronglete løypa. Rett etter målpassering kunne ein få papirutgåve av resultatliste inndelt etter aldersklasse. Dei sende også lista på oppmoding direkte til kondis@kondis.no.
Epilog: Den originale traseen langs Sandvinsvatnet til Odda stadion må vera av dei raskaste 10 km i Noreg. Det er også ein av dei vakraste løypene ein kan tenkja seg ein haustdag midt i oktober. Den som drøymer om å få springa den ein gong til er ...Gisle Sellevold (distriktskontakt for Kondis i Hardanger og Sunnhordland)

Siste medlemssaker
Annonse