Løp for born opp til 10 år: Løpet startar kl. 13.30 og lengden er ca 500 m. Det blir medalje, saft og gåve frå Gjensidige til alle. Born som er eldre enn 10 år oppmodast om å stille i ei av dei lengre løypene.
3 km mosjon utan tid og 4,8 km trim med tidtaking: Begge løpa startar kl. 14.00. Det blir ikkje oppgitt tid på deltakarar under 12 år. Før start for mosjonsklassa og trimklassa blir det felles oppvarming
For alle: I mål ventar det uttrekkspremiar frå Sykkylven Handelsforening, samt gode tilbod i butikkane. Brystkreftforeninga for Ålesund og omegn stiller med stand og vil selje flotte Rosa Sløyfe produkter. Serveringstedet Raus gir rabatt på mat ved framvising av startnummer.
Det vil bli mogleg å hente ut startnummer dagen før løpet. Arrangøren håpar at så mange som mogleg meldar seg på i god tid før start, slik at deltakar unngår lang ventetid og kø like før startskotet går.
Årets prisar:
Born: kr. 75,-
Vaksen (frå det året ein fyller 18 år): kr 250,-
Alt av inntekter går direkte og uavkorta til Rosa Sløyfe/Kreftforeningen. Jo fleire som blir med, jo meir pengar kan arrangøren støtte aksjonen med. Om ein ikkje kan delta på sjølve dagen, set ein pris på om ein likevel melder deg på for å vise støtte. Då kan man springe for seg sjølve.
Arrangørens oppmoding: Bli med å skape stemning i sentrum av Sykkylven, hjelp oss å farge bygda rosa. Kreative innslag i og langs løypa er absolutt tillatt. Dette er ein dag for å ha det kjekt i lag, skape liv og røre, og gjere ein innsats som kan bety mykje for mange. Vi kjenner alle nokon, både nære og fjerne som er råka av kreftsykdommen. Vis at vi bryr oss!
Har du spørsmål, kan du gjerne ta kontakt med:
Alf Petter Bøe telefon 901 62 279
Anita Mosby Nakken telefon 988 23 498