Maryna Novik og Erik Rullestad vinn igjen!
Osnes Rundt gjekk i helga for 28. gong. Med gåarar og barnløp var det over 100 deltakarar i det fantastisk flotte veret. Slett ikje verst, men berre 19 i vaksenløpet, kan arrangøren nokså lett gjera noko med til 2014.utgåva. Ein som ikkje løp i år grunna skade, sa til Kondis: "Dette er ei av favoritt-løpa mine".

Flott, men krevande
Frå Etne stadion, ut av Etne sentrum og så på grusveg utover mot Osnes. Deler av løpet går heilt nede i strandkanten. Men lange, bratte bakkar, både opp og ned, gjer dette til eit krevande løp. 
Elles merker me oss at Erik og Maryna har vunne tre løp på rappen, Ja, Maryna sogar fire. Rullestadvatnet Rundt, Langs Åkrafjjorden og no Osnes Rundt. Hestanipen Opp er Maryna sitt fjerde på kort tid.

Godt nivå i toppen
Vinnartida til Erik Rullestad, 28.43, må ein tilbake til 2008 for å finna betre. Men løyperekorden til Terje Charles Aggvin på 25.50 er utruleg sterk. Det ser ein av alle toppløparane som har vore med i Osnes Rundt.
Maryna Novik var tre sekund bak persen sin, men dette er likevel eit av dei beste løpa i dameklassen. "Dette er eit treningsløp", hadde ho sagt til arrangøren; før ho fôr heim. Ho er bondekone, og skulle i siloen!


Maryna Novik, IF Klypetussen med sin fjerde siger på rad i 2013.                         Foto: Gisle Sellevold/Kondis

DSCN4670.JPG
Tor Arne Sandvik, IF Klypetussen er fersk veteranløpar. Eit fint tilskott til løparmiljøet i Etne. Foto: Gisle Sellevold/Kondis

DSCN4692.JPG
Frå venstre: Kirsten Lien, Røldal IL og Tina Barane, Etne IL. Begge tidlegare vinnarar av Osnes Rundt. Denne 
gongen slått av Maryna Novik. Ho var reist heim for å stå i siloen då dette biletet vart teke.   Foto: Gisle Sellevold

DSCN4687.JPG
Sjekk frå arrangøren er ikkje til å forakta. Her representert ved Mette Heidi Ekrheim (mor til Øystein som vart nr 2)

DSCN4688.JPG
Frå venstre: nr 2 Øystein Ekrheim, Erik Rullestad og Jan Steinsund.               Foto: Gisle Sellevold/Kondis


Nr 7, Erik Rullestad, i konkurransedrakta til Haugesund IL rett i tet