Du finn fullstendig resultatliste og meir info på www.frafjordtilfjell.com .
Borghild Løvset (Orkla CK) sette ny løyperekord i Nibberittet på 1.15.16 der Hallvar Barlaup (Fannefjord SK) vann herreklassa på 1.07.18. I Nibbeløpet21 ( tidl Geiranger Halvmaraton ) vann Line Lystad (Vågå IL) dameklassa på 1.56,24 og Hans Martin Gjedrem (Valldal IL/ Team LaSportiva) vann herreklassa på 1.36,27.
Ingressbildet viser nr 1 og 2 i Nibbeløpet 21km med vinnaren Hans Martin Gjedrem til høgre og Andre Hammerø Løseth til venstre. På bildet nedanfor er Kondis' utsendte medløpande reporter med startnummer 199 som stortrivdes i Nibbeløpet 21km med nesten 1500m stigning og hadde det gøy frå start til mål !

Foto Arild Gjørvad. Etter ein snau kilometer frå starten nede ved Geirangerfjorden ved den fyrste av utallige 180-graders svingar OPP mot mål på Dalsnibba snaue 1500 høgdemeter og 20km lenger opp.
Her har eg funne "cruise-farten" mot toppen og det blei slettest ikkje noko "blodslit" som Sunnmørsposten skreiv om dagen før løpet. Det vart ei løpsoppleving i toppklassen og den aller beste av mine 4 løp i Nibbeløpet 21km ,sjølv om det mangla 29 sek. på å ta persen frå 2006. Om ein reknar ut frå alderstillegget frå 51 åringen i 2006 til 56-åringen i 2011 så er vel 2.07.05 betre enn 2.06.36 i 2006 ?. Dessutan så klarte eg for fyrste gong å vinne klassa mi ( etter ein 2. og 3. pl) i det løpet som eg har kalla for "verdas beste og flottaste halvmaraton" . I år var det dessverre ingen som fekk nyte utsynet og vidsynet. Etter 10km såg eg ikkje meir enn omlag 50-60m framfor meg. Det var inga ulempe for meg for då fekk eg fokus på mitt eige løpsopplegg, på løpsrytmen, på løpssteget med korte raske-nesten småtrippande steg og på den positive indre samtalen med mål om alltid å nå TOPPEN med stor løpsglede og begeistring.
Begeistringa tok vi med oss inn i bussen ned frå toppen. Inne i bussen var det også betre fotoforhold enn i regnet og tåka utanfor..

Foto Christian Prestegård. Dagen før løpet hadde eg eit foredrag på Fjordsenteret i Geiranger med tittelen OPPTUR på OPPTUR ! Motbakkeløp er OPPTUR både på den fysiske oppturen frå start til mål og ikkje minst på den sosiale nedturen frå mål til start. I motbakkeløpa er ikkje løpet slutt når du er i mål på toppen. Då må du enten gå ned att til start som i La Sportiva Skåla 1848m rett opp og Buff Fanaråken Opp eller bli transportert ned att til start der det er bilveg til topps som i Geiranger og Blåhø Opp i Vågå.

Foto Arild Gjørvad. Line Lystad , Vågå IL, vann dameklassa i Nibbeløpet 21km på 1.56,24. I fjor vann ho også 15km løypa i Blåhø Opp i Vågå som har omlag 1250 m stigning opp tio Blåhø på 1617 moh. Blåhø Opp som også har sykkelritt er det motbakkearrangementet i Noreg som er mest likt motbakkearrangementet i Geiranger . I år går Blåhø Opp 2. juli.

Foto Knut Arild Maråk. Motbakkefesten i Geiranger er ikkje minst Nibberittet 21 som i dag er vorte det største av løpa i Geiranger med omlag 400 deltakarar: Her har vinnaren i herreklassa Hallvar Barlaup stukke frå feltet allereie etter 400m.

Foto Christian Prestegård. Det vart folksomt på premieutdelinga trass i regnværet. Den omfattande premieutdelinga for dei 4 løpsarrangementa i Nibberittet og Nibbeløpet vart raskt og effektivt gjennomført. Det vart m.a. pengepremiar frå Sparebanken Møre til dei aller beste. Klassevinnarpremiar frå Asics og Devold, og div premiar frå Intersport.

Foto Christian Prestegård. Dei tre raskaste menn på Nibbeløpet 21km med pengepremiane frå Sparebanken Møre. Vinnaren Hans Martin Gjedrem ( Valldal IL ) vann også vandrepremien som vart sett opp i 2005. Han hadde to "napp" i den frå før. Til venstre nr. 2 Andre Hammerø Løseth , Kristiansand IF og nr. 3 Eirik Norstrøm, Ringerike FIK til høgre.

Foto Knut Arild Maråk. Dei 3 raskaste syklistane i dameklassa. Nr 1 Borghild Løvset (Orkla CK) , Nr 2 Hanne Trønnes (Ottadalen SK) og Nr 3 Mari Trønnes (Ottadalen SK). Hanne Trønnes sykla på 1.16.56 og var over minuttet raskare enn sin eigen løyperekord, men vart likevel 1 min og 40 sek bak Borghild Løvset . Dermed fekk Løvset også bonus for ny bestetid på kr 10 000,-

Foto Knut Arild Maråk. Dette er feltet etter totalvinnaren Hallvar Barlaup som allereie etter 400m leia med 50m.

Foto Arild Gjørvad. Hans Martin Gjedrem og André Hammerø Løseth (til venstre) kjempa om sigeren nesten heile vegen til topps. I mål var Hans Martin vel eitt minutt raskare enn André. I 2009 vart Hans Martin Norgesmmeistar i motbakkeløp i denne løypa som han har kome fyrst til topps i mange gonger. Hans Martin har også løyperekorden på 1.28,57. I år var han over 7min og 30sek min bak si eiga rekordtid frå NM i 2009.

Foto Bjørn Hytjanstorp. I motbakkeløp Opp på fjelltoppar er halve premien og bonusen å kunne nyte utsynet og vidsynet etter målpassering. I år var tåka så tjukk som graut med sikt på 50 meter og det var liten grunn til å bli værande på toppen.

Foto Christian Prestegård. Dei deltakarane som overnatta i Geiranger til neste dag fekk ein strålande solskinnsdag og kunne m.a. nyte dette utsynet. Eg tok bildet frå Flydalsjuvet på veg attende til Oslo. Skiløparar har for vane å framheve gode ski og smurning når det går bra. Sjølv tok eg dette bildet som takk til Asics for mine nye superlette konkurransesko Asics Gel-Tarter for gateløp og motbakkeløp på veg/ asfalt. Det vart perfekt match i 21 km opp til Dalsnibba i Geiranger. Dei blir nok med til topps i alle motbakkeløp som går på veg /asfalt resten av sesongen med årets nye motbakkeløp Fløyen Opp i Bergen 20. august som eit høgdepunkt. Men i dei to motbakkeløpa i skikkeleg fjellterreng Buff Fanaråken Opp og La Sportiva Skåla 1848m rett opp 6. og 13 aug er det nok framleis La Sportiva som er favorittskoen.