Presidentens hjørne
Løpetid
Endeleg er sommaren er her med praktfullt løpevêr for oss som trivst best i fri utfalding ute i naturen berre iført joggesko, kortbukse og t-skjorte. Den siste veka har eg med dette antrekket sprunge Stor-Oslo rundt på jakt etter nye store løpsopplevingar og gjenoppfriska gamle løpsminner frå den gongen då alt var så mykje større, men ikkje nødvendigvis betre.
Mangfaldet, løpsgleda og entusiasmen har ikkje blitt mindre med åra! Det starta med det idylliske motbakkeløpet Opp Kantebakk i Bærum 31. mai. Menneskekroppen er skapt for å bevege seg i variert og kupert terreng. Den aller beste, mest fysisk skånsame og effektive treningsforma for dei aller fleste er gang og springing i motbakkar, og du treng ikkje springe opp på høge fjelltoppar for å få storslagne naturopplevingar som ekstralønn. Du får også praktfullt utsyn og vidsyn over Oslo og indre Oslofjord ved målpassering på Ramsås 420 moh. i Kantebakk Opp og på Tryvann 528 moh. i Tryvann Opp.
Den 7. juni tok eg turen til Sognsvann Rundt Medsols (SRM) som arrangerte løp nummer 142! Totalt har over 2500 personar delteke i desse uformelle og særs sosiale onsdagsløpa rundt idylliske Sognsvann. Kvar onsdag frå primo april til ultimo oktober samlar SRM om lag 150-200 deltakarar.
8. juni var eg på Ekebergsletta for å oppleve Sommerstafetten som blei arrangert av Sportsklubben Vidar med om lag 800 deltakarar. Der fekk eg og gjenopplevd gamle minner frå då eg i 1987 saman med OSI arrangerte Osloløpet med 9000 påmelde deltakarar!
Løpsmangfaldet i Oslo imponerer. Terrengløp i Kongeskogen, Råskinnet, i nærkontakt med naturen gjennom myr, vatn og opp og ned bakkar utanom oppgåtte stiar, maraton og Travern i Nordmarka, Sentrumsløp, Holmenkollstafett og Oslo Maraton på asfalten og ein masse-10.000 meter i Kondis-regi på kunststoffdekket på flotte Bislett Stadion den 29. juli.
Stor oppgang for Holmenkollstafetten
Holmenkollstafetten auka deltakinga kraftig frå i fjor. Det var 12.500 løparar i sving på 834 lag og i tillegg 23 som sprang heile stafetten åleine, ein oppgang på heile 175 lag og over 2600 løparar frå i fjor. Sidan toppåret i 1993 med over 2000 lag har det vore tilbakegong kvart einaste år. Det er difor spesielt gledeleg med ein så kraftig oppgang igjen i 2006.
I Sommerstafetten var likevel gjennomgangsmelodien i samtalane eg hadde med deltakarane etter løpet eit ønske om enda eit storløp i Oslo. På Ekebergsletta hadde deltakarane god tid til å prate etter løpet medan dei storkoste seg med piknikkorgene som kvart lag fekk utdelt etter løpet. Det er flott med det store mangfaldet, men Oslo treng eit storløp til med minst 10.000 deltakarar! Skal det lukkast må både arrangørar og Oslo Kommune tenkje nytt!
Den nye motbakkebølgja har nådd Oslo og nyskapinga Tryvann Opp kan bli eit nytt storløp !
Premiereløpet går 31. august. Ambisjonane med Tryvann Opp er store fram mot VM-på-ski-året-2011 i Holmenkollen. Målet er å lage Noregs største motbakkeløp i ein praktfull løypetrase frå Midtstuen, forbi Holmenkollen og Frognersetra med mål på Tryvann med utsyn over Oslo. Oppover den 5 km lange løypetraseen med 303 m høgdeskilnad får deltakarane mange stader flott utsyn over Oslo. Oslo treng eit storløp ute i vår praktfulle natur som i bokstaveleg forstand vil gje media god grunn til å lage overskrifta Løping på OPPTUR !
Praktfull PR for hovudstaden
Dei fleste hovudstadene i Europa arrangerer store løp som er praktfull PR for hovudstaden. Der får arrangørane både økonomisk støtte og hjelp til gjennomføringa, medan styresmaktene i Oslo har påført arrangørane mange offentlege kostnader. I første rekke politivakthald, men i Oslo betaler arrangørane òg for å bruke torg og plassar, f.eks. 18.000 kroner for å bruke Rådhusplassen ein søndag, og dei må betale til dels dyrt for alle andre kommunale tenester. I alle andre land stiller politiet opp gratis for arrangørane! Det gjer det vanskelig for arrangement som Sentrumsløpet og Oslo Maraton når mykje av inntektene som kunne ha vore brukt på marknadsføring, går til kommunen.
Følg med, bli inspirert og hald deg dagleg oppdatert på Kondis.no !
Christian Prestegård
Kondis-president
Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
JUNI 2006
ÅRGANG 2006
KONDISARKIVET

Siste medlemssaker
Annonse