Presidentens hjørne
Presidentens hjørne
Frå toppane får du utsyn og perspektiv på meir enn naturen
Sommaren 2006 har vore praktfull for kondisjonsidrett ute i vår vakre natur , og då tenkjer eg ikkje berre på været som eg aldri har opplevd flottare på Vestlandet sidan eg blei fødd i Sogndal i 1955. Sommaren 1955 var steikje varm. Det var rekordvarme den dagen eg blei fødd den 3. august samstundes medan Audun Boysen sette sin historiske 800-meter rekord på Bislett på 1.45.9, ein rekord som vart ståande i 37 år.
Draumesumaren 2006 har rekordane ikkje handla om 800 m flatt, men om 1209 m , 1303 m , 1848 m og 2068 m rett opp og 10 000 m flatt! Sett frå 2068 moh i Sogn og Fjordane er sommaren 2006 sommaren då alt og alle sprang og gjekk oppover, - nærast til himmels. Medlemsveksten for Kondis har og nådd nye høgder. Oppturane skuldast ikkje berre dei som spring oppover. Kondis-veksten kjem frå alle kondisjonsidrettane.
Jubel frå sofakroken
Sjølv har eg ikkje jubla slik frå TV-stolen sidan Vebjørn Rodal tok OL-gull på 800 m som då Susanne Wigene sprang inn til EM-sølv på 10 000 m. Endeleg blei det store overskrifter om langdistanseløp også i hovudstadsavisene og i riksdekkjande TV! Det har gått mange år sidan Ingrid og Grete fekk dei store oppslaga. Vi treng internasjonale toppløparar for å få topp dekning i dei store nasjonale media, men internasjonale topprestasjonar er ingen garanti for topp nasjonale oppslag.
Den doble NM-vinnaren i motbakkeløp Jon Tvedt , Gular IL har dei siste åra markert seg som motbakkekongen i Noreg. Ingen nordmann har klart å slå han. I Skåla 1848 m rett opp slo han likegodt verdsmeistaren i fjelløp med nesten 3 minuttar og slo løyperekorden til EM-vinnar Florian Heinzle frå Austerrike med 46 sekundar. Ein internasjonal topprestasjon som blir lagt merke til internasjonalt!
NRK TV-sporten var der og dei fleste hadde venta at reportasjen i Sportsrevyen ville handle om Tvedt og motbakkedronninga Anita Håkenstad Evertsen, men nei! Det vrimla av kjendisar og toppidrettsutøvarar frå mange kondisjonsidrettar i løypetraseen. Her var Dæhlie, Brå, Ingrid Kristiansen, Kristen Skjeldal, Anders Aukland, Lasse Sætre, Odd-Bjørn Hjelmeset.
Kjendisreportasje
NRK TV-sporten hadde laga ein oppkonstruert duell mellom 55 åringen Oddvar Brå og den 16 år yngre Bjørn Dæhlie som fekk nesten heile sendinga. Sjølvsagt løp Dæhlie raskast av dei to , men det visste vi jo alle før start. Eg blei intervjua av NRK-TV før start og sa akkurat det til dei. Men nei, - det var Dæhlie og Brå det skulle handle om! Dæhlie løp på 1.30.32 og vart nr 27 av 180 i si klasse (2339 år ) medan Brå vart nr. 6 av 34 i si klasse 5559 år. NRK laga ei 100 sekundars reportasje i beste Se og Hørstil. Men det blei i alle fall flott PR for arrangementet.
Dei intervjua også Jon Tvedt og Anita Håkenstad Evertsen både vel og lenge og filma dei i målområdet, men det blei berre ikkje sendt. Me gjev oss ikkje! Motbakkeløparar er ikkje som andre løparar. Me seier som Arne Garborg om bakkane kan vera tunge stundom er det så mykje likare når ein fyrst hev vunne høgda og var det ikkje motbakkar kom menneskja ikkje høgare.
I skrivande stund har NRK ei 30 minutter lang sending frå Birkebeinerrittet. Det er mange arrangement som har potensiale til ei slik sending. Får ein ikkje NRK eller TV2 til å kome, får vi ta saka i eigne hender og lage produksjonen sjølv. Det er ingen ting som kjem av seg sjølv, korkje god kondis eller mediadekning! Vi laga KONDIS-TV i 2004 og 2005 med innslag frå mange norske kondisjonsarrangement. Lokalt initiativ, entusiasme og begeistring kan utrette mirakel. Då blir det kanskje Kondis-TV også i 2007.
Følg med, bli inspirert og hold deg daglig oppdatert på Kondis.no!
Christian Prestegård
Kondis-president
--------------------------------------------------------------------------
Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
SEPTEMBER 2006
ÅRGANG 2006
KONDISARKIVET

Siste medlemssaker
Annonse