Pressemelding frå Vøringfoss Race i Eidfjord
Vøringfossrace - ein maratondistanse med 3000m opp og 400m ned, fordelt på 3 dagar. May Britt Buer (biletet), vinnar av prøveløpet i fjor og ein av dei raskaste motbakkeløparane i år, er klar til innsats. Men slapp av - her kan ALLE delta!
Alle foto: Johannes Sekse.

Datoen for det store 3-dagars løpet Vøringfossrace i Eidfjord 11.-12.-13. september nærmar seg - eit nytt og spennande løp! Me oppmodar alle til å vera med, enten i konkurranseklassen, trimklassen eller som heiagjeng. Flott med ein heiagjeng langs løypa, òg på Fossli!


Kari Varberg Øydvin, til venstre, er ekstremsport-sjefen i Eidfjord Utvikling og er dermed involvert i både Vøringfoss Race og Norseman Extreme. til høgre May Britt Buer som har hatt to svært gode motbakkesesongar og kan bli vanskeleg å slå i dette tredagarsløpet.

I konkurranseklassen er det om å gjere å disponere kreftene riktig, her må alle 3 løpa fullførast innan maxtid (5 beste i kvinne- / mann-klasse +25%), for å få den prestisjefulle finisher T-skjorta frå Craft! (à la Norseman!). Dei som fullfører etter maxtida får T-skjorte i orange Beste mann og kvinne etter 1. og 2. dag spring i leiartrøye (à la Tour de France!). Ellers vert det PENGEPREMIAR: Kr. 5000 til raskaste mann og kvinne, kr. 3000 til 2. plassen, kr. 2000 til 3. plassen.

Startkontigent for alle 3 løpa: Tilsaman kr. 700.

Trimklasse:

For deg som ikkje er fullt so sprek, har Idrettslaget teke initiativ til ein trimklasse òg. Her kan du vere med på 1 løp, 2 løp eller alle 3 løpa. Eit løp utan tidtaking, der alle er vinnarar og alle får premie i målområdet etter kvart løp. Hovudpremien som er ein sykkel vert uttrekt på startnummer. Fullfører du alle 3 løpa, så får du også her ei velfortjent Craft T-skjorte!
Startkontigent: 1. og 2. dag: kr. 150 pr. løp, 3. løpet: GRATIS
Familierabatt (Inntil 3 familiemedl.): kr. 100 pr. pers. pr. løp, 3. løpet: GRATIS
Påmelding: Du kan melde deg på og hente startnummer på Eidfjord Fjell & Fjord Hotel fredag kl 12.00 - 14.00, etter den tid vert det anledning til å melde seg på ved startområdet innan ein halv time før start.
Dag Lindebjerg skal vera speaker i målområdet. På Fossli Hotel får du kjøpt betasuppe og forfriskningar både fredag, laurdag og søndag. Det er også tilrettelagt for dusj og garderobe her. Og vil du ha massasje for stive og støle bein, så kan du få det òg! Massørar står til disposisjon.
Det vert sett opp buss frå Fossli tilbake til Eidfjord alle tre dagane, kr. 40 pr. pers. og tur.

På Eidfjord Fjell & Fjord Hotel blir det sosialt samvær både fredag og laurdag. Fredag kl 12.00 - 21.00 serverer hotellet låg- og høgkarbomat og fredag kl 21 held Linda Eide føredrag/kåseri om: 24 timar i raud grilldress i upåklageleg temp! Ho fortel om å springa i løparkongen Mensen Ernst sine fotspor og om gnagsår over Vikafjellet. Laurdag kl 20.00 vert det festmiddag og pianobar på hotellet, og søndagsmiddagen vert servert kl 14.00 - 18.00.

Det er lagt ned stor innsats med rydding av skog, lagt ut plankar og bl.a. merka ny sti opp på Store Ishaug (1485 moh). Løypa opp Måbøgaldane til Fossli er ferdig rydda og merka, og det er lagt ut plank over myrane. Nye skilt er satt opp. Frå vegenden på Hjølmaberget er det lagt ut plank over myrar og merka med skilt til Høel/Fossli. Alle løypene er merka gult. Vidare merking med band vert gjort i veka før løpet.

Ellers trengst det HEIAGJENG!!! Og her kan alle vera med!

Fredag 11. september:
Start: Måbø Gard. Konkurranseklasse kl 18:00 og trimklasse kl 15.00 - 17.00.
5,8 km, 500m opp - mål: Fossli Hotel (sjå løyprofil på heimesida), 1 drikkestasjon.

Laurdag 12. september:
Start: Sima Kraftstasjon. Trimklasse kl 8.00 - 9.30 / Konkurranseklasse kl: 10.00.
14,5 km, 1485m opp - mål: Store Ishaug 1485moh. (5 km å gå ned til Fossli). Beste mann og kvinne frå 1. løp startar i leiartrøye. Påbudt med sekk min. 2,5 kg (vert kontrollvegd), skal innehalda vindtette klede, mat, drikke, hue og vottar (lurt å ta med kart og kompass også). 3 drikkestasjonar.

Søndag 13. september:
Start: Hardangervidda Natursenter, Øvre Eidfjord. Trimklasse kl 8.00 - 9.30 / Konkurranseklasse kl 10.00.
22,3 km, 1100m opp, 400m ned - mål: Fossli Hotel. Beste mann og kvinne frå 2. løp startar i leiartrøye. Påbudt med sekk 2,5 kg. 5 drikkestasjonar.
Utdeling av t-skjorte og anna premiering på Fossli, rett etter løpet.


Bygda byr på fleire gode plassar å bu! www.visiteidfjord.no
Meir info på: www.xtremeidfjord.no



Les også reportasje frå prøveløpet i 2008 på Kondis.no: Reportasje 2008.

Kondis.no er der også i år!


Klar til innsats: Heile arrangørstaben for Vøringfoss Race samla ved Vøringfossen.


May Britt Buer i finisher-T-skjorta frå løpet i fjor.


Alle foto: Johannes Sekse.