- Bli ein eliteløpar for ein dag

Kva har Henrik Ibsen, Hallgeir Brenden, Hank Williams og Osterøys langdistanseløpar Bjarte Vik til felles? Jau, alle fire har eit løpsarrangement knytt til namnet sitt.  Laurdag klokka 13 smell startskotet for Bjarte Viks Eliteløp - i det arrangørane kallar "landets vakraste asfaltløype".

- Me har omdefinert omgrepet eliteløpar til å gjelda alle løparar som kan springa eller jogga 5 km utan nemneverdige stans undervegs. Opplev løpsgleda ved å vera ein eliteløpar. Alle har godt av det, om det så berre er ein dag i året, slår arrangørane i Osterøy IL og Bruvik IL fast. 

I samband med 30-årsdagen til langdistanseløpar Bjarte Vik, vart det i 1999 skipa til eit 5 km løp innover mot Bruvik på Osterøy. Den superraske løypa går på smal og svingete asfaltveg langs idylliske Sørfjorden. - Ein verneverdig veg, meinte ein samferdselsminister då ho var på vitjing. Ministeren har forsvunne frå politikken, men både Bjarte Vik og eliteløpet held framleis koken.

I fjor vart løypa oppgradert med ny asfalt. Det viste igjen på gode tider.
- Enkelte av dei løparane som byrjar å dra litt på åra, har bede vegmyndigheitene om utbetringar av vegen, slik at løypa skal bli noko kortare. Litt kreativ lobbyverkstemd må vera lov, meiner arramgørstaben.

- Eliteløpet er eit unikt løpsarrangement. Her definerer me alle på startstreken som eliteløparar - uansett fysisk form. Alle får like høglytt heiing av bygdafolket i innspurten ned mot handelslaget på Bruvik - uansett om ein sprintar under 15 minutt eller bikkar over 30, slår arrangørane fast.    

 - Deltakarrekorden er 52 eliteløparar på startstreken. Dette er jo berre ein brøkdel av dei som sveittar seg gjennom 4x4 intervallar på tredemøllene i dei lokale treningsentra ein fredagskveld, så potensialet er stort til å få fleire med, slår arrangøren fast.

Mange lokale løparar og trimmarar er påmelde til Brakvatnet Halvmaraton 3. november, og ein håpar ein stor del av desse tek eliteløpet som ei fin gjennomkøyring.     

Løpet går frå Vik til Bruvik, og målt til 5046 meter. Arrangørane vågar påstanden at dette er mellom dei finaste asfalt-traséane i landet. Truleg er det også landets raskaste 5 km. Grunna litt for mykje nedoverbakkar blir tidene dessverre ikkje godkjent på dei offisielle statistikkane. Løyperekordane er det Morten Velde (14.11) og Stine Larsen (15.41) som har.

Arrangøren håpar bygdafolk som ikkje deltek i sjølve løpet møter opp i målområdet ved Bruvik handelslag og tek imot løparane når dei kjem i mål. Deltakarane trekkjer alltid fram den gode mottakinga dei får dei siste 150 metrane inn mot målseglet. Dei aller yngste kan delta på det tradisjonelle barneløpet som går i rundar rundt handelslaget på Bruvik.

Etter barneløpet deler Bruvik IL ut premiar og kårar Årets fjellgeit i Bruviktrimmen 2012. Kaffi og kaker er sjølvsagt også til sals.

Meir informasjon kan ein få på Osterøy IL si heimeside på www.osteroyil.no (friidrett).

Her er reportasje fra fjorårets løp.